Se én ny oppdatering
Se nye oppdateringer
Ingen poster for øyeblikket

Stort fleirtal trur stenging av barnehagar og skular virkar


86 prosent av dei spurde meiner stenginga av barnehagar og utdanningsinstitusjonar vil ha verknad i kampen mot koronaviruset, ifølgje ei ny undersøking.


Den same delen meiner òg at det var riktig av regjeringa å vidareføre alle noverande koronatiltak til etter påske, ifølgje undersøkinga gjennomført av Ipsos.

Så godt som alle, 97 prosent, meiner det er viktig at også norske bedrifter no tek samfunnsansvar i den situasjonen vi står overfor. Mellom anna meiner 28 prosent at bedriftene kan gjere det ved å ikkje betale utbytte til eigarane. 

Tomt klasserom på Bygdøy skole i Oslo etter at regjeringen valgte å stenge skoler i forbindelse med koronautbruddet. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Tomt klasserom på Bygdøy skole i Oslo etter at regjeringa valde å stenge skular i samband med koronautbrotet. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
(©NPK)


|

Nær 5 prosent koronatesta i Tromsø


3.700 personar, nesten 5 prosent av Tromsøs befolkning, er testa for koronaviruset. Det er den høgaste delen i landet, ifølgje Nordlys.


På landsbasis er snitta for talet på testa 1,6 prosent ifølgje avisa.

Det nye testsenteret i Fiolvegen har mykje av æra for suksessen, ifølgje ordførar Gunnar Wilhelmsen (Ap).

– Tromsø kommune så tidleg at kapasiteten på legevakta var sprengd. Kva gjorde ein då? Jo, ein såg på korleis ein kunne organisere seg utanfor legevakta. Frå avgjerda om å etablere testsenteret vart teke, til det var oppe og gjekk, tok det ikkje meir enn eit par dagar. Det er imponerande, seier ordføraren.

Ifølgje smittevernoverlege Trond Brattland er det ikkje umogleg at ein kan hjelpe andre kommunar. Eller at ein kan teste endå fleire i Tromsø.

Ordfører Gunnar Wilhelmsen mener et nytt testsenter har æren for at et stort antall innbyggere i Tromsø er testet for koronaviruset.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Ordførar Gunnar Wilhelmsen menier eit nytt testsenter har æra for at eit stort tal innbyggjarar i Tromsø er testa for koronaviruset. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
(©NPK)


|

Marianne Faithfull er smitta av koronaviruset


Den britiske songaren Marianne Faithfull er innlagd på sjukehus etter å ha vorte smitta av koronaviruset.


Det er manageren hennar som har opplyst at ho ligg på eit sjukehus i London og blir for behandla covid-19, og at tilstanden hennar er stabil, seier Republic Media. 

73 år gamle Marianne Faithfull var eit av ikona på musikkscena på 60-talet og vart berømt som 17-åring med låten As Tears Go By, skriven av Mick Jagger og Keith Richards i The Rolling Stones. 

Ho har vore både songar og skodespelar i den 50 år lange karrieren sin, men har òg slite med rus- og helseproblem.

Det britiske rockeikonet Marianne Faithfull er smittet av koronaviruset. Her på scenen i Bjørnsonhuset i 2016.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Det britiske rockeikonet Marianne Faithfull er smitta av koronaviruset. Her på scenen i Bjørnsonhuset i 2016. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
(©NPK)


|

Dødstalet i Sverige er høgare enn rapportert


Talet på koronasmitta som døyr i Sverige, er langt høgare enn det styresmaktene rapporterer.


Helsestyresmaktene i Sverige legg kvar dag fram tal på kor mange koronasmitta som er døde, men understrekar at det er snakk om førebelse tal. 

No finst reviderte tal frå styresmaktene, som viser at det er snakk om langt fleire dødsfall. 

25. mars melde til dømes helsestyresmaktene at det var registrert 42 dødsfall, medan det reelle talet viser seg å ha vore 97. 

Dagen etter vart det meldt at til saman 66 koronasmitta var døde i Sverige, medan det i verkelegheita var 124. 

Laurdag vart det gitt opp at 373 var døde, men om etterslepet er som tidlegare, kan det vere snakk om heile 750. 

Skjuler ikkje noko

Statsepidemiolog Anders Tegnell legg ikkje skjul på at tala som blir lagde fram er for låge, men trur ikkje at dei i realiteten kan vere dobbelt så høge. 

– Eg trur ikkje det. No jobbar vi meir systematisk med dette. Då burde etterslepet òg bli mindre, seier han. 

– Det er absolutt ikkje slik at vi prøver å skjule noko. Ein kan ikkje skape eit feilaktig bilde av at det finst mange dødsfall der ute som vi ikkje oppdagar. Vi finn dei, men iblant finn vi dei litt seint, seier han. 

Flest i Norden

Sverige hadde laurdag 37 døde per 1 million innbyggjarar, medan det tilsvarande talet i Danmark var 28, i Noreg 11 og i Finland 5. 

Ei slik samanlikning er vanskeleg, meiner Tegnell, som heller ikkje vil vere med på at dette nødvendigvis har samanheng med tiltaka dei ulike styresmaktene i landa har sett i verk. 

– Men eg hadde akkurat eit møte med dei nordiske kollegaene mine, og vi er definitivt i ulike fasar, seier han, og viser til at Sverige truleg ligg fleire veker føre eit land som Finland når det gjeld smittespreiing.

Statsepidemiolog Anders Tegnell medgir at Sverige har et etterslep i innrapporterte koronadødsfall, men avviser at helsemyndighetene underslår omfanget av koronapandemien. Foto: Janerik Henriksson / TT / NTB scanpix
Statsepidemiolog Anders Tegnell vedgår at Sverige har eit etterslep i innrapporterte koronadødsfall, men avviser at helsestyresmaktene underslår omfanget av koronapandemien. Foto: Janerik Henriksson / TT / NTB scanpix
(©NPK)


|

Dødsraten stig


Over 1,2 millionar menneske har hittil fått påvist koronavirus. Talet på døde nærmar seg 65.000, og dødsraten stig.


64.734 koronasmitta har dei siste månadene mista livet, det er 5,4 prosent av alle som har fått påvist smitte. 

Dødsraten er dermed på veg oppover, men ser ein på talet på døde i forhold til innbyggartalet i landa, er Spania og Italia framleis i særklasse. 

I Spania er det registrert 256 døde per 1 million innbyggjarar, medan talet i Italia er 254, viser tal frå Worldometer. 

Sverige hadde til samanlikning 37 døde per 1 million innbyggjarar laurdag, medan det tilsvarande talet i Danmark var 28, i Noreg 11 og i Finland 5.

Testar få

På verdsbasis har det vore 8,3 koronarelaterte dødsfall per 1 million innbyggjar, men dette talet heng saman med at det i store deler av verda og i fleire folkerike land knapt nok er gjort testing.

Noreg ligg på niandeplass av over 200 land, med over 19.500 utførte testar per 1 million innbyggjarar, medan det i eit land som India er utført berre 93 testar per 1 million innbyggjarar og i Indonesia berre 36.

Aukar raskt

I USA, som no står for kvart fjerde påviste smittetilfelle i verda, aukar dødsraten svært raskt, særleg i New York. 

Søndag morgon var det meldt om nærare 8.500 døde i USA, noko som svarer til 26 per 1 million innbyggjarar. 

New York stod åleine for nærare 3.600 av dødsfalla, og dette svarer til 182 per 1 million innbyggjarar. 

Spania topper listen over land med antall koronarelaterte dødsfall per 1 million innbyggere. Foto: AP / NTB scanpix
Spania topper listen over land med antall koronarelaterte dødsfall per 1 million innbyggere. Foto: AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

Røde Kors: Få oppdrag og liten påskeutfart


Hjelpekorset til Røde Kors hadde berre to oppdrag laurdag i palmehelga. Samtidig har påskeutfarten vore mindre enn vanleg.


Organisasjonen seier dei er glade for at mange tek dagsturar og følgjer tilrådingane til styresmaktene under den pågåande viruspandemien.

– Vanlegvis bruker det å vere mykje meir folk i løypetraseane, men i dag har vi ikkje sett nokon samlingar av mange menneske nokon stad. Det er merkbart færre folk enn ein vanleg påske, men vi ser òg folk som nyt sola kvar for seg i solveggene, seier korpsleiar Roar Lien i Brøttum Røde Kors Hjelpekorps, som har vaktstasjon på Sjusjøen.

Laurdag registrerte Røde Kors Hjelpekorps to oppdrag, som er det same talet som same dag førre påske.

I år bemannar Røde Kors 20 av dei 150 hyttene som fungerer som vaktstasjonar i påsken.

Roar Lien i Brøttum Røde Kors melder om merkbart færre folk enn vanlig på Sjusjøen i påsken. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix
Roar Lien i Brøttum Røde Kors melder om merkbart færre folk enn vanleg på Sjusjøen i påsken. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix
(©NPK)


|

Bønder ringer med gardsklokkene for å skape håp under koronakrisa


Ein bonde i Hamar kommune har teke eit initiativ for at gardsklokker over heile landet skal ringe kvar laurdag klokka 17 .


– Det ligg ein mektig symbolikk i at bonden no tek i bruk stabbursklokka for å varsle om at alt blir bra, seier Kari Svelle Reistad til Nationen.

Reistad er bonde på garden Storimerslund i Hamar i Innlandet. Det er ho som har teke initiativ til at gardsklokker skal ringe kvar laurdag klokka fem. 

 – I byane blir det spelt og sungne frå balkongane, på bygda har vi stabbursklokker. La stabbursklokkene halde konsert som verkeleg høyrest, til folket frå bonden, seier Reistad.

Initiativet kom som ein respons på at fleire biskopar oppmoda til å la kyrkjeklokkene ringe som eit teikn på håp. Sidan mange gudstenester har vorte flytta frå kyrkja til sosiale medium, har klokketårnet i landet stått stille.

– Stilla skal brytast som eit teikn på håp, seier konstituert preses i Bispemøtet, Atle Sommerfeldt, i ei pressemelding.

Han forklarer at det er eit koronaunntak, og at dei vil ringe inn helga laurdagar klokka 17 .

 Gardsklokkeringinga starta førre laurdag, og frå Vang Bondelags Facebook-side har bodskapen spreidd seg til bygdelag over heile landet.

Konstituert preses i Bispemøtet, Atle Sommerfeldt, sier at bjellene skal ringe helgen inn for å bryte stillheten, og være et tegn på håp. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Konstituert preses i Bispemøtet, Atle Sommerfeldt, seier at bjellene skal ringe helga inn for å bryte stillheita, og vere eit teikn på håp. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
(©NPK)


|

Frp og Ap krev rask løysing for pakkereiseselskapa


Frp-leiar Siv Jensen fryktar konkursar for pakkereisearrangørane. Åsunn Lyngedal i Ap seier dei har etterlyst ei løysing i dei to siste krisepakkene.


I eit skriftleg spørsmål til barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) spør Jensen når og korleis regjeringa skal levere på merknaden til finanskomiteen om å styrkje reisegarantifondet slik at pakkereiseselskapa kan kompenserast for å unngå konkursar. 

Reisearrangørane er etter lova forplikta til å betale tilbake avlyste pakkereiser innan 14 dagar. Regjeringa føreslo i den tredje krisepakka sin at selskapa skal få 14 dagar ekstra, altså totalt 28 dagar, på seg til å betale tilbake. 

Arrangørane endar opp med rekninga

Reisegarantifondet har vidare fått tilført 100 millionar kroner ekstra som skal utbetalast til kundar dersom selskapa går konkurs. 

 Siv Jensen seier til NTB at det er viktig at forbrukarvernet til kunden skal takast vare på, men no sit dei norske reisearrangørane igjen med rekninga, meiner ho. 

– Den heilt spesielle situasjonen desse står i som følgje av pakkereiselova, gjer at dei ikkje vil bli redda av generelle ordningar. Dei treng ei form for kompensasjon for dei refusjonane dei må betale tilbake til kundane.

Treng nødhjelp

Til Fædrelandsvennen seier Nils Sverre Ingebretsen i Portal Travel at dei ikkje er robuste nok til å takle pakkereiselova, og at dei treng naudhjelp.

I tillegg til at salet av nye reiser har stoppa heilt opp, er det heller ingen som bestiller turar for dei neste månadene, eller på lang sikt. Og ifølgje lova må dei som sel pakkereisene betale tilbake heile beløpet dersom turen blir avlyst eller UD rår mot å reise.

– Problemet er at pengane dei har betalt inn, allereie er gått ut til flyselskap og hotell som depositum, og dei gir ikkje pengane tilbake til oss, seier Ingebretsen.

Han er sjølv permittert, saman med resten av sine fire tilsette. Sjølv om han fryktar konkurs for mange i same bransje, har Ingebretsen trua på at dei blir redda

Har bede om ei løysing

Åsunn Lyngedal (Ap) i næringskomiteen seier til NTB at Arbeidarpartiet har bede om ei løysing for pakkereiseselskapa og reisearrangørane i dei siste to rundane med krisepakkar. 

– Begge rundane har ein samla komité bede regjeringa kome med ei løysing, og heller ikkje fredag ser det ut til at Nybø har skjønt problemstillinga, seier Lyngedal.

Ho forklarer at reisearrangørar skaffar kundar til resten av reiselivet, og vil difor vere avgjerande for å få reiselivsbransjen i gang igjen når koronakrisa er over. Difor meiner Arbeidarpartiet at Reisegarantifondet må refundere pengar til forbrukar før fristen for reisegarantilova går ut.

– Vi ønsker å bruke fondet før selskapa er konkurs. Saman med Frp kan vi få fleirtal for å ta vare på desse bedriftene i Stortinget neste tysdag, seier Lyngedal.

Frp-leder Siv Jensen mener det er viktig at regjeringen nå kommer raskt på plass med en løsning for pakkereiseselskapene. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Frp-leiar Siv Jensen meiner det er viktig at regjeringa raskt for på plass ei løysing for pakkereiseselskapa. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
(©NPK)


|

Oljeministeren: Noreg kan bli med på kutt i oljeproduksjonen


Olje- og energiminister Tina Bru (H) seier at Noreg vil vurdere å bli med på ein internasjonal avtale om kutt i oljeproduksjonen.


– Vi har ein dialog med sentrale aktørar, inkludert andre land som produserer olje. Dersom ei brei gruppe blir samde om å kutte produksjonen betydeleg, vil Noreg vurdere eit einsidig kutt dersom det støttar ressursforvaltninga og økonomien vår, skriv Bru i ein e-post til Bloomberg.

Det vil i så fall vere første gong sidan 2002 at Noreg inngår ein kuttavtale. Førre gong var i kjølvatnet av terrorangrepa i USA 11. september året før.

– Som følgje av covid-19-pandemien er situasjonen i oljemarknaden utfordrande. Departementet følgjer utviklinga i marknaden tett, held fram Bru.

Prisfall

Oljeprisen var ved årsskiftet oppe i 68 dollar fatet, men har falle bratt  også som følgje av ein kraftig nedgang i etterspurnasden under koronapandemien.

Måndag var prisen for eit fat nordsjøolje (brunne) nede i 22 dollar fatet. Torsdag steig han til over til over 30 dollar igjen då USAs president Donald Trump antyda at ein avtale om produksjonskutt var på trappene mellom russarane og saudiarabarane. 

Forhandlingar måndag

Fredag følgde president Vladimir Putin opp og sa at Russland er klar til å forhandle med oljekartellet Opec. Prisen auka då til over 34 dollar.

Oljeprisen stupte tidlegare i mars då Russland braut ut av eit tidlegare samarbeid om produksjonskutt. For å legge press på Moskva trappa då Saudi-Arabia opp produksjonen, sjølv om etterspørselen på grunn av viruspandemien var dalande.

Opec-landa med Saudi-Arabia i spissen har invitert energiministrane i Russland og andre oljeproduserende land med for å diskutere tiltak for «å stabilisere markedet» på eit videomøte måndag.

Olje- og energiminister Tina Bru sier at Norge vil vurdere kutt i oljeproduksjonen som følge av den pågående viruspandemien. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Olje- og energiminister Tina Bru seier at Noreg vil vurdere kutt i oljeproduksjonen som følgje av den pågåande viruspandemien. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix


Nylige uttalelser fra Vladimir Putin og Donald Trump har sørget for en økning i oljeprisen. Foto: Susan Walsh, File)
Nylege utsegner frå Vladimir Putin og Donald Trump har sytt for ein auke i oljeprisen. Foto: Susan Walsh, File)
(©NPK)


|

Tolletaten stoppar all eksport av legemiddel som ikkje er meldt inn


Om legemiddelgrossistar sender sendingar ut av landet som det ikkje er varsla om, vil dei bli stoppa på grensa av Tolletaten, melder Dagens Medisin.


Årsaka er at det er innført meldeplikt for parallelleksport av ei rekke legemiddel i Noreg, og grossistane må melde frå til Statens legemiddelverk før dei kan eksportere desse legemidla ut av landet. 

Legemiddelverket har inngått eit samarbeid med Tolletaten, som følgjer opp meldeplikta ved grensa, skriv Dagens Medisin.

Parallelleksport betyr at legemiddel som er produsert, pakka og import for den norske marknaden, blir seld til andre land. Meldeplikta er innført for å sikre legemiddel vi treng i Noreg, blir verande på lager.

(©NPK)


|

Borgarting: Karanteneordning under varetekt strir ikkje med menneskerettane


Borgarting lagmannsrett har vurdert karanteneordningane for varetektsfengsla personar. Dei meiner ordninga ikkje bryt med menneskerettane.


I ei rettsavgjerd om fengsling fredag konkluderte lagmannsretten med at karanteneordninga kor varetektsfengsla blir isolerte for å forhindre spreiing av koronavirus, ikkje strir med Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK).

Spørsmålet dukka opp i ei sak der den sikta vart varetektsfengsla i fire veker. 

Som ein del av arbeidet med å forhindre smittespreiing av koronaviruset har Kriminalomsorgen region aust vedteke at alle nyinnsatte blir sette i karantene ved at dei blir stengde ute frå å omgåast andre innsette i 14 dagar frå innsettelsesdagen.

I ein anke meinte forsvararen for den sikta at denne isolasjonen var i strid med retten til fridom og sikkerheit, torturforbodet og retten til respekt for privatliv i EMK og at den sikta derfor måtte lauslatast.

Borgarting lagmannsrett konkluderte samrøystes i rettsavgjerda med at avgjerda om karantene er eit smitteverntiltak, og ikkje meint som straff. Anken vart difor forkasta.

I rettsavgjerda skriv dei at «staten har ei forplikting til å beskytte innsatte – og ansatte – i fengsel mot smitte, og staten må få noko områingstid for å få på plass eit passende regelverk for gjennomføring av smitteverntiltak i ein så vidt spesiell institusjon som et fengsel er».

Borgarting lagmannsrett mener karantene for nyinnsatte er et smitteverntiltak og ikke er ment som straff for de innsatte. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Borgarting lagmannsrett meiner karantene for nyinnsette er eit smitteverntiltak og ikkje er meint som straff for dei innsette. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
(©NPK)


|

40 nye koronadødsfall i Sverige


Talet på koronarelaterte dødsfall i Sverige har stige med 40 til 373 det siste døgnet, opplyser helsestyresmaktene i landet.


6.443 personar har fått påvist smitte i Sverige, og det er ein auke på 365 dei siste 24 timane. 

520 koronasmitta pasientar fekk laurdag intensivbehandling på svenske sjukehus. 

(©NPK)


|

Helsedirektoratet vurderer ulike koronareglar i ulike delar av landet


Helsedirektoratet vurderer no om det skal innførast ulike smitteverntiltak i ulike landsdelar, avhengig av kor hardt ramma dei er av koronaviruset.


– Differensierte tiltak basert på kor mykje smitte det er og ikkje, er absolutt noko som vi ser på. Det gjer ein i andre land òg, seier fungerande assisterande helsedirektør Espen Nakstad til NRK laurdag.

Medan Oslo og Viken ifølgje dei siste tala frå FHI har rett under 1.500 smittetilfelle kvar, har Møre og Romsdal, Nordland og Troms og Finnmark alle under 200 smittetilfelle.

 Regjeringa har varsla at det til veka skal komme ei ny avgjerd om smittevernrestriksjonene framover.

Fungerende assisterende direktør Espen Nakstad i Helsedirektoratet sier direktoratet vurderer tilpassede geografiske tiltak etter påske. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Fungereade assisterande direktør Espen Nakstad i Helsedirektoratet seier direktoratet vurderer tilpassa geografiske tiltak etter påske. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
(©NPK)


|

Mannskapet på hangarskip hylla kapteinen som fekk sparken


Kapteinen på USS Theodore Roosevelt, som fekk sparken etter å ha varsla om koronautbrot om bord, vart hylla av mannskapet då han laurdag forlét hangarskipet


Brett Crozier skreiv tidlegare i veka eit notat til den amerikanske marineleiinga og bad om å få setje 90 prosent av mannskapet på nærare 5.000 i land på stillehavsøya Guam. Fleire titals hadde då fått påvist smitte om bord, og viruset spreidde seg raskt.

Torsdag kom svaret frå USAs fungerande marineminister Thomas Modly, som skulda Crozier for å ha utvist ekstremt dårleg dømmekraft og gav han sparken som skipssjef.

Ifølgje Modly sende Crozier notatet til for mange, noko som resulterte i at det vart leke til ei amerikansk avis. Dette verka ifølgje marinesjefen «destabiliserende» og reiste tvil om kampevna til marinen.

Taktfaste rop

Då kapteinen laurdag forlét hangarskipet og gjekk i land på Guam, vart han hylla av mannskapet. Fleire hundre hadde teke oppstilling langs rekka då Crozier gjekk åleine ned landgangen. 

– Kaptein Crozier, kaptein Crozier, lydde taktfaste rop.

– Slik er det ein tek farvel med ein av dei flottaste kapteinane ein nokosinne har hatt, seier ein av mannskapet i ein video som er lagt ut i sosiale medium. 

Dårleg dømmekraft

Fleire demokratar i USA har kritisert sparkingen av Crozier, blant dei tidlegare visepresident Joe Biden.

– Ei påminning om kva som kan skje når ein seier som sant er til makthaverne. Det er Trump-administrasjonen som utviser dårleg dømmekraft her, ikkje ein modig offiser som prøvde å verne mannskapet sitt, tvitrar Biden. 

Over 100 har hittil fått påvist koronasmitte om bord på USS Theodore Roosevelt, og ifølgje den amerikanske marinen vil rundt 3.000 av mannskapet bli sett karantene på Guam.

Over 100 av mannskapet om bord på det amerikanske hangarskipet USS Theodore Roosevelt har fått påvist koronasmitte, men Det hvite hus sparker nå kapteinen som varslet om dette. Foto: AP / NTB scanpix
Over 100 av mannskapet om bord på det amerikanske hangarskipet USS Theodore Roosevelt har fått påvist koronasmitte, men Det kvite hus sparkar no kapteinen som varsla om dette. Foto: AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

22 nye koronadødsfall i Danmark


Talet på koronarelaterte dødsfall i Danmark har stige med 22 til 161 det siste døgnet, opplyser helsestyresmaktene i landet.


4.077 personar har hittil fått påvist smitte i Danmark, og det er 320 fleire enn fredag. 507 personar var laurdag innlagde på sjukehus, 142 av dei på intensivavdeling.

Fredag kveld offentleggjorde Statens Serum Institut for første gong ei oversikt over kven som er døde, og den viser stor overvekt av gamle og kronisk sjuke. 

120 av dei 139 første som døydde, var over 70 år gamle. 24 var over 90 år, 56 var mellom 80 og 90 år og 40 var mellom 70 og 80 år. 

 84 prosent av dei som døydde, var òg kronisk sjuke og lei mellom anna av diabetes, kreft, kronisk lungesjukdom og hjarte- og karsjukdom, viser oversikta. 

Medan dødsraten blant dei over 90 år som får påvist smitte i Danmark har vore på 34,8 prosent, har ho vore på 3,1 prosent for dei som er i 60-åra. 

(©NPK)


|

Vedum ber regjeringa vurdere å la smittefrie kommunar få lette på restriksjonane


Smittepresset er så ulikt i ulike delar av landet at ein bør vurdere å opne for geografisk differensiering av smittevernreglene, meiner Sp-leiaren.


Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum oppmodar regjeringa og helsestyresmaktene til å vurdere å opne for lokalt tilpassa tiltak når dei i påsken skal vurdere vegen vidare for dei nasjonale koronareglane. 

– Den siste månaden har vi hausta erfaring både i Noreg og globalt, og vi ser at det er veldig ulikt smittepress i ulike delar av landet. Medan smittepresset er svært høgt i mellom anna Oslo, så finst det kommunar der det ikkje er nokon registrerte smitta i det heile og landsdelar med svært lite smitte. Eg oppmodar derfor regjeringa til å vurdere om ein kan gjere lokale tilpassingar i samråd med lokale styresmakter, seier Vedum til NTB.

Starte med småskulen

Vedum meiner det særleg bør vurderast om ein kan la nokon av borna få komme tilbake til skule og barnehage i kommunar og regionar med lite smitte.

– Vi ber regjeringa vurdere om det er mogleg å gjere ei aldersmessig differensiering. Til dømes at ein startar med ei delvis opning av småskulen. For det er foreldra til dei minste barna som slit mest med å få jobba, påpeikar han. 

– Det er om å gjere å slå smitten mest mogleg ned, samtidig som ein må få samfunnet til å fungere best mogleg. Det er ein stor fordel for oss alle å få folk tilbake i jobb så raskt som mogleg der det er forsvarleg.

Vedum seier det kan vere krevjande å forsvare å halde småungar tilbake frå skulane i kommunar nesten utan smittepress.

– Alle er oppteke av å prøve å spele på lag, men eg trur det vil vere forståing for at ein kan ha graderte løysingar dersom det er gjort helsefaglige vurdering av det, seier han. 

Kan finnast mellomløysingar

– Tenkjer du at kommunar og regionar med lite eller ingen smitte òg bør få lette på andre restriksjonar, som å opne frisørsalongar, symjehallar, treningssenter og liknande?

– Eg trur ein bør byrje i ein ende og gjere det varsamt og syte for at ein ikkje mistar kontroll. Poenget mitt er at det ikkje må vere svart eller kvitt, det kan finnast mellomløysingar, seier han.

Vedum seier ei geografisk differensiering fordrar at kommunane og fylka får behalde retten til å innføre eller halde oppe lokale karantenereglar. Både næringslivet og regjeringa har dei siste vekene innstendig bede kommunane avvikle lokale reglar fordi dei meiner det er til hinder for næringslivet.

– Eg håper ein kan komme litt opp frå skyttargravene her. Viss ein snakkar saman, så må det vere mogleg å finne løysingar, og eg trur det blir lettare etterkvart som tida går, seier Vedum.

Leder i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, ber regjeringen vurdere å lette på smittevernsrestriksjonene i kommuner og regioner som har lite smitte. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, ber regjeringa vurdere å lette på smittevernsrestriksjonane i kommunar og regionar som har lite smitte. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
(©NPK)


|

Utbreidd koronasmitte på danske pleieheimar


I minst 35 danske kommunar er det påvist koronasmitte på eitt eller fleire pleieheimar for eldre.


DR Nyhedar har kartlagt situasjonen i alle dei 98 danske kommunane og fann smittespreiing på pleieheimar og aldersbustader i meir enn 35.

I København er elleve eldre som var under omsorg til kommunen, døde etter å ha fått påvist smitte, og i Frederiksberg er seks døde.

I Brønderslev er seks bebuarar og ni tilsette på den same pleieheimen smitta.

Koronasmitte blir påvist i stadig flere pleiehjem og aldersboliger i Danmark. Illustrasjonsfoto: Foto: Frank May / NTB scanpix
Koronasmitte blir påvist i stadig fleire pleieheimar og aldersbustadar i Danmark. Illustrasjonsfoto: Foto: Frank May / NTB scanpix
(©NPK)


|

Første koronasmitta på Falklandsøyane


Det første tilfellet av koronavirussmitte er registrert på Falklandsøyane i det sørlege Atlanterhavet.


Ein pasient som vart lagt inn på sjukehus i Stanley 31. mars, viste seg å vere smitta av viruset. Personen er sett i isolat, og tilstanden er stabil.

Falklandsøyanes helsetopp Rebecca Edwards seier dei er heldige i og med at dei har kunna planlegge for viruset, i motsetning til andre land i verda.

Det vesle britiske territoriet har vore ein av eit stadig minkande tal avsidesliggande stader på kloden som enno ikkje hadde meldt om koronasmitte.

Mellom andre stedar som ikkje har meldt om noko tilfelle av koronasmitte, er Nord-Korea, Samoa, Turkmenistan og basar på Antarktis.

(©NPK)


|

Australia ber alle med mellombels visum forlate landet


Regjeringa i Australia ber alle som har mellombels visum og oppheld seg i landet, anten for å arbeide, studere eller feriere, om snarast mogleg å reise heim.


2,17 millionar utanlandske statsborgarar er no i Australia, etter å ha fått innvilga visum og andre nødvendige løyve frå styresmaktene. No er dei fleste av dei ikkje lenger ønsket.

Fungerande immigrasjonsminister Alan Tudge understrekar at utlendingar er «ekstremt verdifulle» for Australia, men åtvarar og seier at koronapandemien vil få alvorlege følgje for økonomien i landet og resultere i høg arbeidsløyse.

– Dei med mellombelse visum, som dei neste seks månadene som følgje av dette ikkje vil vere i stand til å forsørgje seg sjølv, blir oppmoda sterkt til å reise heim, seier han.

– Dei bør arrangere heimreisa så raskt som mogleg, seier han.

Ifølgje Tudge er det seg 203.000 turistar i Australia, og desse må snarast reise heim. 

118.000 andre ryggsekkturistar har fått mellombels arbeidsvisum, og dei kan ifølgje Tudge få forlenga dette dersom dei jobbar innanfor sektorar som helsevesenet, landbruket eller matforedlingsindustrien. 

– Men dersom dei er usikre på om dei vil klare å brødfø seg sjølv dei kommande månadene, bør òg dei reise heim, seier Tudge. 

5.454 har hittil fått påvist koronasmitte i Australia, og 30 av dei er døde.

Regjeringen i Australia ber utlendinger reise hjem. Foto: AP / NTB scanpix
Regjeringa i Australia ber utlendingar reise heim. Foto: AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

Pink testa positivt for koronavirus


Songaren Pink opplyser at ho og den tre år gamle sonen hennar har testa positivt for koronaviruset.


I same tweet fredag sa ho at ho vil donere 500.000 dollar til to krisefond for hjelp til koronaoffer, til saman ein million dollar.

Ho seier at ho og sonen hadde symptom for to veker sidan, og at dei då testa positivt. Familien har sidan halde seg i heimekarantene.

Ho kritiserte USAs styresmakter for ikkje å ha gjort testing meir tilgjengeleg, og understreka at covid-19 er alvorleg og verkeleg og kan ramme alle, unge og gamle, friske og sjuke, rike og fattige, og at testing må gjerast tilgjengeleg for alle gratis. 

Pink har testet positivt for koronaviruset. Foto: Matt Sayles / Invision /AP / NTB scanpix
Pink har testa positivt for koronaviruset. Foto: Matt Sayles / Invision /AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

Økonominettverk føreslår 19.000 i borgarlønn til alle


Økonominettverket BIEN Noreg meiner alle norske borgarar mellom 18 og 67 år skal få utbetalt 19.000 kroner i månaden under koronakrisa.


Dei forklarer beløpet med at det «representerer fattigdomsgrensen ut fra OECDs beregninger, som er 50 prosent av medianinntekten», skriv Dagsavisen.

OCED er Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling.

Forslaget gjeld ikkje arbeidsledige som allereie får meir enn 19.000 kroner i dagpengar, men alle andre «som har mindre inntekt uavhengig av tilknytning til arbeidslivet» skal få heile beløpet.

– Pengane hentar vi frå krisepakken som synest å vekse for kvar dag som går. Det kan sjølvsagt sjå ut som om vi kastar rundt oss med pengar, men då skal ein hugse at eit overveldande fleirtal vil få dagpengeutbetalinger som er mykje større enn dette, seier direktør Kjell Magne Fagerbakke til avisa.

BIEN er del av det globale nettverket Basic Income Earth Network.

Organisasjonen BIEN Norge mener alle nordmenn har rett på 19.000 kroner i måneden. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Organisasjonen BIEN Norge meiner alle nordmenn har rett på 19.000 kroner i månaden. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
(©NPK)


|

Koronasmitta med demens kan bli sperra inne på rommet


Smittevernlova opnar for at koronasmitta som har demens og difor ikkje klarer å følgje retningslinjer, kan låsast inne på rommet sitt.


Blant dei som no bruker tvang, er Skedsmotun bo- og behandlingssenter. Gjennom kommunelegen rapporterte dei om ein dement bebuar som «mangler evne til å la seg korrigere av pålegg om begrensing i bevegelse i og utenfor institusjonen».

Løysinga vart difor å isolere den koronasjuka personen på eige rom av omsyn til smittefare.

På grunn av slike situasjonar har Helsedirektoratet difor gitt fullmakt til bruk av tvang når det gjeld personar som ikkje kan eller vil følgje smittevernregler knytt til hygiene. 

Reglane gjeld spesielt personar med demens eller utviklingshemning i sjukeheim, omsorgsbustader og bofellesskap, skiver Aftenposten.

Før det skal brukast tvang, skal frivillighet brukast.

Ifølgje Aftenposten har 80 prosent av bebuarane på norske sjukeheimar demens. 

Helsedirektoratet har gitt fullmakt til bruk av tvang ved sykehjem for å unngå å spre smitte. Det inkluderer at sykehjemmene kan låse beboere inne om de selv ikke evner å følge pålegg. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Helsedirektoratet har gitt fullmakt til bruk av tvang ved sjukeheimar for å unngå å spreie smitte. Det inkluderer at sjukeheimane kan låse bebuarane inne om dei sjølve ikkje evnar å følgje pålegg. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
(©NPK)


|

Tevez med sterk korona-appell: – Kan gå utan lønn eitt år


Carlos Tevez oppmodar stjerne-kollegaene sine om å takke nei til lønn i mange månader framover. Han vil hjelpe sine argentinske landsmenn.


Tevez er tilbake i heimlandet Argentina for å avslutte karrieren i Boca Juniors. 36-åringen har ei fortid i Manchester United, Manchester City, West Ham og Juventus.

– Dette viruset er ein katastrofe. Fotballspelarar kan klare seg utan lønn i seks månader og eitt år. Dei er ikkje like fortvila som mannen som må jobbe frå seks om morgonen og ikkje kjem heim før sju om kvelden, dette for å skaffe mat til familien sin. Vi fotballspelarar kan utgjere ein forskjell og hjelpe andre, seier Tevez og er sitert i ei rekke aviser verda rundt.

Han er klar på at fotballstjernene kan hjelpe medmenneske i ein svært vanskeleg periode.

Argentina er delvis lukka ned, og det er venta at landet vil oppleve ei negativ utvikling av pandemien. Laurdag morgon hadde Argentina 42 koronarelaterte dødsfall sidan utbrotet.

– Regjeringa vår gjer det rette no, men for familiar som er stengde inne, desperate og ikkje kan komme seg ut utan å bli arrestert av politiet, så er dette svært vanskelege tider, seier Tevez.

– Vi fotballspelarar har ikkje slike bekymringar. Vi veit vi har mat på bordet.

Det er berre vel tre veker sidan Tevez feira seriemeisterskapen med Boca Juniors.

Boca Juniors' Carlos Tevez vil at fotballspillere skal avse lønn i lang tid framover. Foto: Natacha Pisarenko, AP / NTB scanpix
Boca Juniors' Carlos Tevez vil at fotballspelarar skal avsjå lønn i lang tid framover. Foto: Natacha Pisarenko, AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

Salet av klede har falle med 80 prosent


Salet av klede har gått ned med 80 prosent i vekene med strenge koronarestriksjonar, ifølgje ein kjøpesenterindeks.


Indeksen, som er utarbeiddeav IMAS, dekker totalt 40 kjøpesenter i Noreg, skriv Finansavisen.

Han viser at kjøpesenter med daglegvarebutikk, apotek og Vinmonopol er best besøkt. Bransjane som blir mest ramma, er mote og livsstil.

–Salet av klede  er ned nesten 80 prosent i veke 12 og 13, og 70 prosent av klesbutikkane ligg i kjøpesenter. Varner held ope, men mange kles- og skobutikker er stengde, seier Harald T. Nilsen, som er rådgjevar innan handel og kjøpesenter og som samarbeider med IMAS.

En koronastengt klesbutikk i Trondheim. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Ein koronastengd klesbutikk i Trondheim. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
(©NPK)


|

Vy permitterer ytterlegare 400 tilsette


Vy har sendt ut permisjonsvarsel til 400 medarbeidarar som blir heilt eller delvis permitterte frå midten av april. Frå før er 700 busstilsette permitterte.


– Vy har eit viktig samfunnsoppdrag og skal framleis sørgje for eit tilbod til dei som må reise. Men i ein situasjon som denne, når billettinntektene stoppar heilt opp, må vi gjere det vi kan for å redusere eigne kostnader, fortel konsernsjef Geir Isaksen.

Dei 400 tilsette som no får permisjonsvarsel, jobbar i Vy tog, CargoNet, mobilitet og reiseliv, og dessutan administrativt.

Vy har totalt 9.500 tilsette i Noreg.

Over 80 prosent av kundane til Vy har vorte borte som følgje av koronasituasjonen.

Konsernsjef Geir Isaksen i Vy opplyser at ytterligere 400 ansatte i selskapet blir permittert. Totalt permitteres 1100 av selskapet 9500 ansatte i Norge. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Konsernsjef Geir Isaksen i Vy opplyser at ytterlegare 400 tilsette i selskapet blir permitterte. Totalt blir 1.100 av dei 9.500 tilsette i Noreg permitterte. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
(©NPK)


|

71 prosent nedgang i butikkomsetninga den første veka etter tiltaka


Tal frå kassasystemet Front Systems viser at omsetninga i norske butikkar fall med 71 prosent den første veka etter 12. mars.


Front Systems leverer betalingsløysingar for 700 butikkar i Noreg, skriv Nettavisen.

Dei har samanlikna omsetningstala i veka før og veka etter 12. mars, då regjeringa innførte ei rekkje strenge tiltak for å avgrense koronasmitten.

Ein del butikkar har stengt dørene heilt. Av dei butikkane som held ope, er omsetningsnedgangen på mellom 50 og 60 prosent samanlikna med normalen. Front Systems ser likevel ein grunn til forsiktig optimisme.

– Vi ser ein auke no den siste veka i den fysiske butikkhandelen på 37 prosent mot førre veke (måndag- torsdag), så det verkar som det er optimisme. Det har òg vore fleire butikkar som har ope, seier produktsjef Haakon Skavhaug-Flender.

Zizzi klesbutikk på Sirkus Shopping i Trondheim er blant mange butikker som har stengt dørene helt på grunn av koronaviruset. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Zizzi klesbutikk på Sirkus Shopping i Trondheim er blant mange butikkar som har stengt dørene heilt på grunn av koronaviruset. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
(©NPK)


|

Helsebyråden i Oslo ber innbyggjarane innstille seg på avgrensa rørslefridom ut året


Helsebyråden i Oslo, Robert Steen (Ap), seier at koronatiltaka kan vare ei god stund. Avgrensinga av rørslefridommen kan vare ut året.


– Denne koronasituasjonen er ikkje over til påske. Han er ikkje over til sommaren. Han kjem til å halde fram heile 2020 og kanskje langt inn i 2021, seier Steen til Dagsavisen

Han peikar på at det kan ta fleire år å byggje opp flokkimmunitet. Ein eventuell vaksine vil ikkje vere på plass før om 12 til 18 månader.

– Eg vil bli overraska om vi ikkje vil sjå at vi beheld ein del tiltak ut året, som det å halde avstand til andre, seier Steen. 

Oslo helsebyråd Robert Steen (Ap) sier at koronatiltakene vil kunne vare en god stund. Bevegelsesfriheten kan bli begrenset ut året. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Helsebyråd i Oslo Robert Steen (Ap) seier at koronatiltaka kan vare ei god stund. Rørslefridommen kan bli avgrensa ut året. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
(©NPK)


|

Maritimt Forum ber om krisepakke på 50 milliardar


I eit brev til regjeringa ber Maritimt Forum om ein krisepakke på nærare 50 milliardar kroner til den maritime næringa.


– Dette ligg an til å bli ei krise utan sidestykke i moderne tid. Kritiske delar av den maritime klyngja står i fare for å falle. Koronapandemien kan bli meir krevjande for næringa enn både finanskrisa i 2009 og offshorekrisa til saman, heiter det i ei pressemelding signert dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest, ifølgje Sunnmørsposten

Dei meiner at 90.000 arbeidsplassar står på spel. Maritimt Forum har i brevet lista opp 40 tiltak innanfor elleve ulike område.

I et brev til regjeringen ber Maritimt Forum om en krisepakke på nærmere 50 milliarder kroner til maritim næring. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix
I eit brev til regjeringa ber Maritimt Forum om ein krisepakke på nærare 50 milliardar kroner til den maritime næringa. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix
(©NPK)


|

Nav får unormalt mange tips om trygdesvindel


Dei siste par dagane har Nav fått eit titals tips kvar dag om folk og bedrifter som prøver å utnytte permisjonsordningane. Det er unormalt mykje.


– Vi får mange tips i mange ulike kanalar for tida. Vi har fått titals tips kvar dag dei siste par dagane om folk som utnyttar permisjonsordningane, og tipsa byrja å komme inn førre veke. Det som er nytt i denne situasjonen, er at vi får inn ei så stor mengd tips som dreier seg om permisjonar. Vi er ikkje vande til å få så mange tips om permisjonar, seier direktør Ole Johan Heir i Nav Kontroll til E24.

Det dreier seg om tips om tilsette som held fram med å jobbe sjølv om dei er melde som permitterte, og folk som jobbar svart medan dei er permitterte. Heir understrekar at det av erfaring er ein del tips som viser seg å ikkje vere reelle.

Nav mottar tips om trygdesvindel relatert til permitteringene. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Nav får mange tips om trygdesvindel relatert til permisjonar. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
(©NPK)


|

Island forlengjer koronatiltaka til mai


Island forlengjer forbodet mot samlingar med meir enn 20 personar i ein månad.


Forbodet blir forlengt til 4. mai, kunngjorde helseministeren i landet, Svandis Svavarsdottir, fredag.

Øya har stengt alle universitet og vidaregåande skular, men skulane for elevar i alderen 6 til 15 år blir haldne opne inntil vidare. Også barnehagane er opne.

Så langt har fire koronasmitta personar døydd på Island. Det er påvist 1.364 smittetilfelle i landet.

(©NPK)


|

Høgre fram 7,3 prosentpoeng på VG-måling


På VGs partibarometer for april går Høgre fram meir enn noko anna parti før har gjort på éin månad.


Partiet vart målt til 17,9 prosents oppslutning i mars, men ligg no på 25,2 prosent (+7,3), skriv VG. Ingen andre parti har hoppa så mykje fram på éin månad før, ifølgje Respons Analyse, som har gjennomført målinga. Eit slikt valresultat hadde sikra Høgre 46 mandat på Stortinget, mot 49 Ap-mandat.

Arbeidarpartiet hoppa fram 8,7 prosentpoeng mellom to målingar etter 22. juli-terroren, men då skjedde hoppet over to månader, ettersom det ikkje var noka måling i juli.

Arbeidarpartiet er framleis det største partiet på denne målinga. Partiet har gått fram 1,8 prosentpoeng til 26,7. Elles er det berre SV som har vekst, og går fram 0,1 prosentpoeng til 7,3 prosent. Alle dei andre partia krympar. Verst går det for Senterpartiet, som fell 3,2 prosentpoeng til 13,5.

Oppslutninga til partia (endring i prosentpoeng frå mars i parentes): Ap: 26,7 (+1,8), H: 25,2 (+7,3) Frp: 12,4 (-2,2) KrF: 3,2 (-0,3) Sp: 13,5 (-3,2) SV: 7,3 (+0,1) V: 2,8 (-0,5) R: 3,5 (-1,9) og MDG: 4,2 (-0,9).

Målinga er gjort mellom 26. mars og 1. april og 1.000 personar er intervjua. Feilmarginen er mellom 2 og 3 prosentpoeng.

Erna Solberg kan smile av Høyres framgang på aprilmålingen i VG. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Erna Solberg kan smile av Høgre-framgangen på aprilmålinga i VG. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
(©NPK)


|

766 nye koronadødsfall i Italia


Italia har registrert 766 nye dødsfall blant personar med covid-19, ein liten auke frå det førre døgnet.


Totalt har helsestyresmaktene registrert 14.681 koronarelaterte dødsfall. Talet på påviste smittetilfelle har sidan torsdag auka med 4.585 til 119.827, ein auke på 4 prosent.

19.758 pasientar er friskmelde, medan tilstanden blir kalla som alvorleg eller kritisk for 4.068 personar, viser oversikta frå styresmaktene, ifølgje statistikknettstaden Worldometer.

Italia er det landet i verda som ut frå påviste smittetilfelle og dødstal, er hardast ramma av koronapandemien.

En helsearbeider i Bergamo i Nord-Italia holder opp en telefon for en covid-19-pasient som har en videosamtale med sin familie fredag. Foto: Claudio Furlan/LaPresse via AP / NTB scanpix
Ein helsearbeidar i Bergamo i Nord-Italia held opp ein telefon for ein covid-19-pasient som har ein videosamtale med familien sin fredag. Foto: Claudio Furlan/LaPresse via AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

ESA-ja til krisepakkar for norsk kultur og idrett


Overvakingsorganet Esa har godkjent to mellombelse kompensasjonsordningar for arrangørar i kultur-, idretts- og frivilligsektoren under koronakrisa.


– Nesten halve den norske befolkninga er engasjert i frivillige organisasjonar, og arrangement er den viktigaste inntektskjelda for mange desse. Kultur- og idrettssektoren har òg avgrensa reservar til å handtere det plutselege og kraftige fallet i inntekter. Kompensasjonen for tapt inntekt som følgje av covid-19-pandemien er derfor på sin plass, seier Esa-president Bente Angell-Hansen.

Regjeringa har presentert ei kompensasjonsordning på 900 millionar kroner til kulturen, det frivillige og idretten.

Idrettspresident Berit Kjøll (til høyre) og kulturminister Abid Raja under et møte i Kulturdepartementet nylig. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Idrettspresident Berit Kjøll (til høgre) og kulturminister Abid Raja under eit møte i Kulturdepartementet nyleg. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
(©NPK)


|

Regjeringa sikrar grøntprodusentane kompensasjon dersom mangel på arbeidskraft gir avlingssvikt


Regjeringa har vedteke å utvide den eksisterande avlingsskadeordninga for jordbruket til òg å gjelde avlingssvikt som kjem av mangel på arbeidskraft.


– Mange grøntprodusentar skal i desse dagar setje i gang med våronna. Regjeringa skaper no større tryggleik for produsentane, slik at dei kan setje i gang med den produksjonen dei opphavleg hadde planlagt, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) i ei pressemelding.

Ordninga gjeld for frukt, bær og grønsaker. Kompensasjonen gjeld berre dersom den manglande innhaustinga kan knytast til restriksjonar i flyten av arbeidskraft. 

Utenlandske sesongarbeidere står for mye av jordbærplukkingen på norske jorder. Dersom mangel på arbeidskraft går utover avlingen kan produsenten kompenseres. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Utanlandske sesongarbeidarar står for mykje av jordbærplukkinga på norske jorde. Dersom mangel på arbeidskraft går ut over avlinga kan produsenten no få kompensasjon. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
(©NPK)


|

Skulane i Bergen vil tidlegast opne onsdag etter påske


Skulle regjeringa vedta å gjenopne skular og barnehagar etter påska, vil skulane og barnehagane i Bergen først opne onsdag 15. april.


– Dette gjer vi for å setje i verk nødvendige smitteverntiltak. Samtidig gir det elevane våre, dei føresette og dei tilsette så føreseielege forhold som råd, seier byrådsleiar Roger Valhammer i ei pressemelding.

Heimeundervisninga og omsorgstilbodet vil halde fram så lenge skulane og barnehagane er stengde.

Byrådsleder Roger Valhammer opplyser at Bergens skoler og barnehager tidligst vil åpne onsdag 15. april. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Byrådsleiar Roger Valhammer opplyser at skulane og barnehagane i Bergen tidlegast vil opne onsdag 15. april. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
(©NPK)


|

Vegtrafikksentralen om påsketrafikken: – Ikkje noko å melde


Påsketrafikken i Noreg er vanlegvis synonymt med køar og forseinkingar. I år er det omtrent ingen utfart, melder Vegtrafikksentralen.


– Det er svært lite trafikk. Og det har det eigentleg vore dei siste vekene, seier Christofa Key-Nilsen, trafikkoperatør i Statens vegvesen region Aust, til NTB.

På grunn av koronakrisa verkar det som dei fleste tek påskeferien heime i år.

– Eg håpar og trur at folk har forstått kor viktig det er å halde seg heime. I alle fall ser det ut som det med tanke på kor lite trafikk det er, seier Key-Nilsen. 

Også på hovudflyplassen i Noreg var det tomme terminalar fredag, skriv NRK.

– Det er mellom 4.000 og 5.000 menneske som skal flyge inn eller ut frå Oslo lufthamn i dag. På ein vanlegvis stor utfartsdag som denne, skulle over 90.000 passasjerar ha reist. Det er eit dramatisk fall i passasjertrafikken på 90–95 prosent, seier Joachim Westher Andersen, kommunikasjonssjef ved Oslo lufthamn.

Tog- og kollektivselskapa har allereie redusert påsketilbodet.

– Normalt ville vi ha sett opp ekstra kapasitet i påska, men sånn er det definitivt ikkje no, seier kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i Vy til NTB.

Her på E6 ved Langset, hovedveien mot Gudbrandsdalen og Østerdalen, er det vanligvis stor trafikk mot påskefjellet fredag før påskeferien. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Her på E6 ved Langset på hovudvegen mot Gudbrandsdalen og Østerdalen er det vanlegvis stor trafikk mot påskefjellet fredag før påskeferien. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
(©NPK)


|

Svensk mediestøtte kan bli auka med 200 millionar kroner


Regjeringa i Sverige foreslår ein permanent auke i mediestøtta på 200 millionar kroner i året.


Auken ligg inne i det reviderte budsjettet for 2020. Koronakriseeffekten gjer at regjeringa vil setje av 150 millionar av beløpet i år til mellombels distribusjonsstøtte til alle papiraviser.

Kulturminister Amanda Lind peikar på at etterspurnaden etter nyheiter er større enn nokon gong før i heile landet, samtidig som koronakrisa har forverra finansieringa av media.

– Vi ser at tapet frå annonsemarknaden er på opptil 50 prosent i ein bransje som allereie var under hardt press, seier ho.

Kulturminister Amanda Lind varsler økt mediestøtte i Sverige. Foto: Pontus Lundahl/TT / NTB scanpix
Kulturminister Amanda Lind varslar auka mediestøtte i Sverige. Foto: Pontus Lundahl/TT / NTB scanpix
(©NPK)


|

Ektepar fekk påvist koronavirus utan andre symptom enn tap av lukt- og smakssans


Ei kvinne i 60-åra reagerte på at ho ikkje kjende lukta av vaflane ho steikte. Seinare fekk ho og mannen begge påvist koronasmitte, utan andre symptom.


Kvinna hadde vore i kontakt med svigerfaren, som sidan hadde vorte innlagd på sjukehus med koronasmitte, 17 dagar før, skriv Tidsskriftet for Den norske legeforening.

Kvinna hadde ingen andre symptom på koronasmitte, men hadde høyrt at tap av lukt- og smakssans kunne vere eit teikn på at ein hadde fått viruset. Fordi ho hadde vore i kontakt med ein smitta person, vart ho testa og fekk påvist covid-19.

Også ektemannen til kvinna mista smakssansen, og fordi han hadde vore i kontakt med både kone og far med påvist koronasmitte, vart også han testa. Denne prøven viste seg òg å vere positiv.

– Norske helsestyresmakter bør vurdere om isolert lukt- og/eller smaksforstyrring bør vere tilstrekkeleg grunnlag for testing av covid-19 og/eller isolering for å avgrense smitte, konkluderer artikkelen.

(©NPK)


|

Löfven: Tusenvis kjem til å døy


Tusenvis av menneske kjem til å døy av covid-19, seier Sveriges statsminister Stefan Löfven.


– Vi kjem til å måtte rekne talet på døde i tusental. Det er like greitt at vi førebur oss på det, seier statsministeren i eit intervju med Dagens Nyheter fredag.

Han baserer utsegna på spreiingsmønsteret i andre land.

Statsministeren viser samtidig til at andre land har hatt raskare sjukdomsutvikling, og at ein i Sverige har prøvd å hale ut tida.

– Men det betyr ikkje at vi automatisk får færre svært sjuke eller færre døde, påpeikar Löfven i intervjuet, som blir sitert av Expressen.

Statsminister Stefan Löfven mener folk må venne seg til tanken på at tusenvis kan dø av koronaviruset i Sverige. Foto: Janerik Henriksson / TT via AP / NTB scanpix
Statsminister Stefan Löfven meiner folk må venne seg til tanken på at tusenvis kan døy av koronaviruset i Sverige. Foto: Janerik Henriksson / TT via AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

Koronasmitte påvist ved over halvparten av sjukeheimane i Oslo


Tilsette ved 26 av 46 sjukeheimar i Oslo kommune har fått påvist koronasmitte. Sju bebuarar har døydd.


Oslo kommune har testa 490 av 3.600 langtidsbuande, og av desse har 45 fått påvist smitte, skriv TV 2.

Kommunen har allereie i fleire veker hatt besøksforbod på sjukeheimane sine, og bortimot all smittespreiing kan derfor sporast til dei tilsette og bebuarar. Kommunen har bestemt at i hovudsak skal ingen tilsette jobbe ved fleire institusjonar samtidig.

(©NPK)


|

Nytt koronadødsfall ved sjukeheim i Bergen


Ein bebuar ved Gullstøltunet sjukeheim i Bergen er død etter å ha vorte smitta av koronavirus. Dette er det tredje dødsfallet ved sjukeheimen.


Vidare er det fredag éin ny bebuar som har testa positivt for smitte på sjukeheimen på Bønes, skriv Bergens Tidende.

– Vi ser dessverre at mange av bebuarane på sjukeheimane har ein helsetilstand som gjer at dei kan få ei svært alvorleg utvikling av sjukdommen dersom dei blir smitta, seier etatsdirektør Anita W. Johansen i Bergen kommune i ei pressemelding.

(©NPK)


|

Nav har utbetalt over éin milliard i forskot på dagpengar


Nav har utbetalt om lag éin milliard kroner til dei som er ramma av koronakrisa, og som har søkt om forskot på dagpengar før påske.


Måndag lanserte Nav ein søknadsfunksjon for forskot for dei som har søkt dagpengar, og sidan onsdag og til og med fredag er det allereie utbetalt over ein milliard kroner, skriv etaten i ei pressemelding.

Vidare skriv Nav at alle saker som kjem inn under koronareglane, blir fortløpande behandla.

For å få forskotet utbetalt før påske, må ein søkje innan utgangen av søndag 5. april. 

(©NPK)


|

Utdanningsforbundet åtvarar mot skuleopning etter påske


Utdanningsforbundet seier det vil vere krevjande å opne skulane etter påske. Lærarar fryktar at skular og barnehagar ikkje har nok smitteverntiltak på plass.


– Vi er ikkje spurde om å gi ei så konkret tilbakemelding, men summen av dei tilrådingane vi har gitt, peikar i den retninga, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet til VG.

Fredag har regjeringa fått ein rapport om gjenopning av skular og barnehagar etter påske, og her har Utdanningsforbundet gitt innspel. Regjeringa skal leggje fram sine vurderingar 8. april.

– Eg har svært vondt for å sjå for meg at vi skal ha nok tid til å førebu oss dersom opninga blir rett over påske, seier Handal, som understrekar at forbundet har tillit til at helsestyresmaktene tek kloke avgjerder på vegner av både barn og vaksne.

Steffen Handal i Utdanningsforbundet
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Steffen Handal i Utdanningsforbundet Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
(©NPK)


|

FHI: Talet på koronainnleggingar har flata ut dei siste dagane


Talet på pasientar som er innlagde på sjukehus med koronavirussjukdom, har dei siste fem dagane flata ut, ifølgje Helsedirektoratet.


Koronatala på fredag viser at 318 personar er innlagde på sjukehus med koronavirussjukdom. 96 av desse får respiratorbehandling. 

– Det er nøyaktig det same talet som i går, sa fungerande assisterande direktør i Helsedirektoratet Espen Nakstad på den daglege pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen.

Talet på innlagde pasientar har den siste veka stige frå 303 den 27. mars til 318. 

– Så talet på innlagde på sjukehus med påvist koronavirussjukdom har dei fem siste dagane flata ut, sa Nakstad. 

– Men smittetala er framleis i overkant av 200 nye tilfelle per dag, sa Nakstad.

Fungerende assisterende direktør i Helsedirektoratet, Espen Nakstad, på en tidligere pressekonferanse om koronaviruset. Fredag sa han at antall pasienter innlagt på sykehus med koronavirussykdom har flatet ut de siste fem dagene. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Fungerande assisterande direktør Espen Nakstad i Helsedirektoratet på ein tidlegare pressekonferanse om koronaviruset. Fredag sa han at talet på pasientar som er innlagde på sjukehus med koronavirussjukdom har flata ut dei siste fem dagane. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
(©NPK)


|

Høie: Kommunane må ha kvalitetsrutinar for smittevernutstyr


Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) ber kommunar og sjukehus som sjølv kjøper inn smittevernutstyr, om å bruke faste leverandørar.


– Det er forståeleg at enkelte kommunar og sjukehus kjøper inn utstyr når dei ser at lagera blir tømde, sa Høie på pressekonferansen til regjeringa fredag. 

 – Då bør dei bruke dei leverandørane som ein vanlegvis bruker. Går ein til andre, kan det vere risikabelt, særleg i desse dagar. Derfor er det viktig at dei som kjøper inn utstyr, sjølv har kvalitetsrutinar for dette.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) ber kommuner og sykehus som selv kjøper inn smittevernutstyr bruke faste leverandører. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) ber kommunar og sjukehus som sjølv kjøper inn smittevernutstyr, bruke faste leverandørar. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
(©NPK)


|

Kulturministeren: – 17. mai vil bli annleis i år


Over påske blir det klart korleis 17. mai-feiringa blir, men alt no ber kulturminister Abid Raja (V) folk førebu seg på mindre skala og digital feiring.


Det er Raja som har fått ansvaret for å koordinere arbeidet til regjeringa med 17. mai-feiringa, og han deltok på den daglege pressekonferansen fredag.

– 17. mai vil bli annleis i år. Vi må vente at korona vil avgrense feiringa. Vi må tenkje småskala og digitalt, sa han.

Nærare informasjon om feiringa kjem over påske.

– Målet eit at det skal vere ei 17. mai-feiring også i år, seier Raja.

Målet er at det skal være en 17. mai-feiring også under koronasituasjonen. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Målet er at det skal vere ei 17. mai-feiring også under koronasituasjonen. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
(©NPK)


|

Dronning Elizabeth skal tale til nasjonen


Dronning Elizabeth skal tale til folket palmesøndag, opplyser Buckingham Palace. Det siste døgnet har Storbritannia registrert 684 nye koronadødsfall.


Talen er spelt inn i Windsor Castle og skal kringkastast søndag klokka 20.

Den 93 år gamle monarken har berre tre gonger tidlegare halde slike ekstraordinære talar i samband med nasjonale kriser. Elizabeth har sete på trona i 68 år.

Talet på registrerte dødsfall blant koronasmitta pasientar, er no det høgaste på eit døgn så langt i landet. Til saman har over 3.600 menneske med covid-19 døydd, og over 38.000 har testa positivt.

Dronning Elizabeth fotografert under en telefonsamtale med statsminister Boris Johnson 25. mars. Foto: Buckingham Palace via AP / NTB scanpix
Dronning Elizabeth fotografert under ein telefonsamtale med statsminister Boris Johnson 25. mars. Foto: Buckingham Palace via AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

Vegvesenet gjer byggjeplass til karantenesone – så vegarbeidet kan halde fram


Statens vegvesen skal halde fram arbeidet på ny Tana bru på E6 etter påske, med polske arbeidarar. Dei gjer derfor heile byggjeplassen til karantenesone.


Dei polske arbeidarane som utgjer store delar av arbeidslaget, må i 14 dagars koronakarantene når dei kryssar grensa. Dermed har Statens vegvesen, entreprenørane og Deatnu-Tana kommune kome opp med ei kreativ løysing, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

–Vi etablerer ei karantenesone rundt heile brua og anleggsriggen. Dei tilsette kan dermed jobbe seg gjennom karantenetida. For å redusere faren for smitte blir skifta forlengde frå to veker til to månader, fortel prosjektleiar Kaare Ramberg i Statens vegvesen.

Alle arbeidarar skal bu på einskildrom med privat bad. Mat, drikke og anna nødvendigblir levert.

Statens vegvesen velger en kreativ løsning. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Statens vegvesen vel ei kreativ løysing. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
(©NPK)


|

Nytt koronadødsfall i Drammen


Drammen kommune opplyser at ei kvinne i 90-åra er død av koronasjukdom. Det er det tredje dødsfallet i Drammen som følgje av viruset.


Det opplyste kommuneoverlege John David Johannessen på ein pressekonferanse fredag, skriv Drammens Tidende.

 – Det minner oss om alvoret og kor viktig det er å vere observant på smitte, sa Johannessen.

Kommuneoverlegen opplyste at den avlidne kvinna hadde underliggjande sjukdom.

Ifølgje avisa er 118 personar stadfesta smitta av koronaviruset i kommunen.

55 personar er døde av covid-19-sjukdom i Noreg. 

(©NPK)


|

Bergen med krisepakke til kultur, idrett og det frivillige


Byrådet i Bergen legg fredag fram ein pakke på 55 millionar kroner. 30 millionar går til kulturlivet i Bergen, resten til idrett og det frivillige.


Det skriv Bergens Tidende.

Ti millionar kroner skal gå som ekstraordinært driftstilskot til kulturen. Det kjem sju millionar kroner for å støtte anlegg som er eigde av idrettslaga, som no taper leigeinntekter.

Det kjem 13 millionar kroner ekstra til tilskotsordninga for barne- og ungdomsmidlar.

Torsdag la byrådet i Bergen fram ein krisepakke på 210 millionar kroner til næringslivet i byen.

Byrådsleder Roger Valhammer (Ap) i Bergen åpner nå pengesekken også for kultur og frivillighet. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) i Bergen opnar no pengesekken også for kultur og det frivillige. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
(©NPK)


|

Regjeringa gir karanteneunntak etter strengt nødvendig hyttevedlikehald i Sverige og Finland


Personar som reiser på dagstur for å gjere nødvendig vedlikehald på fritidseigedom i Sverige eller Finland, treng ikkje gå i karantene ved retur til Noreg.


– Vi gjer dette no for at dei som må fjerne snø frå hyttetaka sine, skal kunne gjere det for å unngå store materielle skadar, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) i ei pressemelding

Personane det gjeld, har likevel ikkje lov til å oppsøkje butikkar eller kjøpesenter i Sverige eller Finland.

Unntaket gjeld heller ikkje for personar som overnattar på fritidseigedommen.

Regjeringen gir karanteneunntak for dem som må rydde snø fra hyttetak i Sverige eller Finland. Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix
Regjeringa gir karanteneunntak for dei som må rydde snø frå hyttetak i Sverige eller Finland. Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix
(©NPK)


|

Minnemarkering i Narvik blir kansellert


80-årsmarkeringa for kampane i Narvik 28. mai er kansellert. Forsvarsministeren opnar for ei mindre markering dersom koronasituasjonen endrar seg til då.


– Vi står i ein alvorleg situasjon, og det er viktig at vi alle tek del i dugnaden for å forhindre spreiinga av koronaviruset. Vi ser oss derfor dessverre nøydde til å kansellere markeringa 28. mai i den planlagde forma si, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) i ei pressemelding fredag.

Statsråden opnar for at det kan bli arrangert ei mindre og avgrensa markering dersom situasjonen endrar seg til slutten av mai.

På grunn av korona-pandemien var det kjent at det vart endring i planane òg for årets markering av frigjerings- og veterandagen på Akershus festning 8. mai. No skal markeringa berre bestå av kransepålegging, flaggheis og salutt. For å avgrense smittespreiing er ikkje gjester eller publikum invitert. 

(©NPK)


|

684 nye dødsfall i Storbritannia


Talet på koronadødsfall blant pasientar i Storbritannia har auka med 684 til 3.605 det siste døgnet, opplyser helsedepartementet.


Totalt hadde vel 38.000 testa positivt for koronaviruset fredag formiddag. Det er gjennomført over 173.000 testar, opplyser helsedepartementet i den daglege oversikta si.

Auken i dødstala var torsdag på 569.

(©NPK)


|

LO fekk 10.940 nye medlemmer i mars


LO fekk 10.940 nye medlemmer i mars – 3.000 fleire enn dei fekk i same månad i fjor. Medlemstalet nærmar seg ein million.


Frå før talde medlemsstokken 952.000 medlemmer, skriv Fri Fagbevegelse.

LO-leiinga meiner sjølv det er to hovudårsaker til den store auken. Folk søkjer tryggleik i arbeidslivet i ein vanskeleg situasjon. Og det har vore ein god effekt på innmeldingar etter ein bustadlånskampanje og bankfordelar til LO-medlemmene.

– Det som er ekstra oppløftande, er at vi ikkje opplevde noko tilsvarande verken under finanskrisa i 2008 eller under oljeprisfallet i 2014. Det viser at folk søkjer tryggleik når det blir urolege tider. At veldig mange søkjer den tryggleiken hos LO er veldig hyggjeleg, seier LO-sekretær Terje O. Olsson.

(©NPK)


|

Den kinesiske sentralbanken med ny stimuleringspakke


Den kinesiske sentralbanken set i verk ein stimuleringspakke til ein verdi av rundt 570 milliardar kroner for å styrkje næringslivet gjennom bankane.


Tiltaket skal motverke dei økonomiske verknadene av koronaviruset og inneber at sentralbanken reduserer kravet til kapitalreservar for små bankar.

Vidare kuttar sentralbanken i renta på valutareservane til finansinstitusjonane for første gong på tolv år. Føremålet er å oppmode bankane til å bruke reservane i staden for å la dei stå unytta i sentralbanken.

Kunngjeringa på fredag er den førebels siste tiltakspakken i ei rekke innsprøytingar i den kinesiske marknaden for å motverke covid-19-krisa.

(©NPK)


|

Regjeringa dekkjer tapt foreldrebetaling, gir 1 milliard til SFO og barnehagar


Regjeringa gir éin milliard kroner til barnehagar og skulefritidsordning (SFO) for å kompensere for tapte foreldrepengar medan det er koronastengt.


Regjeringa vil kompensere for foreldrebetalinga ved å auke overføringane til kommunane med 1 milliard kroner. 

– Dette var vi tidleg ute med å varsle. Det gjorde at vi unngjekk permisjonar. Samtidig har det sikra eit tilbod til barn av tilsette i samfunnskritiske jobbar og sårbare barn. Det gjer det òg lettare å opne tilbodet raskt viss situasjonen tilseier det, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding fredag.

Regjeringa foreslår òg at det blir sett av 10 millionar kroner til ein søknadsbasert ordning for SFO ved offentleg finansierte skular, og 500.000 kroner til Longyearbyen lokalstyre.

Alle foreldre slepp å betale for barnehage og SFO fram til 13. april. 

Skoler og barnehager får kompensasjon fra staten etter at foreldre slipper å betale mens det er koronastengt. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Skular og barnehagar får kompensasjon frå staten etter at foreldre slepp å betale medan det er koronastengt. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK
(©NPK)


|

Forsamlingsforbod i Thailand


Thailandske styresmakter forbyr alle arrangement, samankomster og fellesaktivitetar for å avgrense spreiinga av koronaviruset.


Forsamlingsforbodet trer i kraft klokka 22 fredag kveld.

Ordren inneber òg forbod mot alle handlingar som kan skremme andre, og forbod mot å spøkje med å spreie viruset. Dette er truleg meint å rette seg mot antisosial åtferd, som til dømes å ha spytt på knappane i heisar.

Familiesamankomstar i private heimar og andre aktivitetar som ein kan delta i i trygg avstand til andre, er tillatne.

Brot på det nye regelverket kan medføre opptil to års fengsel og ei bot på over 12.000 kroner.

(©NPK)


|

4,4 prosent arbeidsledige i USA


Jobbmarknaden i USA krympa med 701.000 stillingar i mars, noko som har sendt arbeidsløysa opp til 4,4 prosent, viser tal frå arbeidsdepartementet i Washington.


Bortfallet av stillingane er det største sidan finanskrisa i mars 2009, og den største månadlege endringa i arbeidsløyseraten på over 45 år.

Særleg hardt har det gått utover reiselivsbransjen, som var blant dei første næringane som vart påverka av reiserestriksjonane som kom på grunn av koronavirussituasjonen, med eit tap på 459.000 stillingar.

Mange stillingar har òg gått tapt i helsesektoren og innan handels- og næringslivstenester.

(©NPK)


|

Kongeparet ber folket ha tillit til styresmaktene


Kong Harald og dronning Sonja ber folket ha tillit til styresmaktene og møte den vanskelege situasjonen med kamphumør, i ei påskehelsing frå Kongssetra.


– Vi veit at det er mange som har det vanskeleg. Både økonomisk og på andre måtar, sa kong Harald.

Han viste til at det er mange som er permitterte, eller redde for å miste arbeidsplassen sin.

– Og det er mange som rett og slett er redde for å miste helsa si, sa han.

Dronninga minte om at det er viktig å ha tillit og å hjelpe kvarandre.

– Vi må prøve å sjå det positive i ein vanskeleg situasjon. Og gå på med kamphumør, sa ho.

(©NPK)


|

Har kapasitet – Bergen legevakt vil koronateste fleire


Bergen legevakt meiner dei kunne testa dobbelt så mange for koronasmitte. Kommunen ber derfor Folkehelseinstituttet (FHI) om å utvide testkriteria.


Kommunen har dei siste dagane testa mellom 100 og 125 personar dagleg, men etatsdirektør Brita Øygard meiner dei har kapasitet til å teste 250 personar dagleg, skriv Bergens Tidende.

I dag blir du testa om du er pasient med behov for innlegging, bebuar i helseinstitusjon, tilsett i helsetenesta med pasientnært arbeid, over 65 år med underliggjande, kronisk sjukdom eller har hatt nærkontakt med koronasmitta.

– Vi er spesielt opptekne av utsette personar under 65 år, seier Øygard til Bergens Tidende.

Bergen legevakt ønsker å koronateste flere. De har kapasitet til å teste dobbelt så mange som i dag. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK
Bergen legevakt ønskjer å koronateste fleire. Dei har kapasitet til å teste dobbelt så mange som i dag. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK
(©NPK)


|

Oslo søkjer om å få halde påskeope


Oslo kommune ber staten om å få halde daglegvarebutikkar og apotek opne i påska.


Søknaden blir send etter fagleg tilråding frå smittevernoverlegen i Oslo, opplyser byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) i ei pressemelding. 

– Heile Oslo må vere heime i påska, og det vil dermed vere stor pågang til daglegvarebutikkane gjennom påska, noko som vil føre til større fare for koronasmitte, åtvarar byrådsleiaren. 

Byrådsleder Raymond Johansen (Ap) i Oslo ønsker å holde dagligvarebutikker og apoteker åpne på fridagene i påsken. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) i Oslo ønskjer å halde daglegvarebutikkar og apotek opne på fridagane i påska. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
(©NPK)


|

363 personar med koronasmitte innlagde på sjukehus i Sverige


363 virussmitta personar er no innlagde på intensivavdelingar ved sjukehusa i Sverige. Totalt har 461 personar vore eller er framleis på sjukehus.


Det opplyser Svenska intensivvårdsregisteret (SIR) på nettsidene sine.

Tidlegare har statistikken vist både dei som er eller har vore innlagde på grunn av sjukdommen covid-19, men SIR har no gått over til å registrere kor mange som er innlagde no, i statistikken sin.

Det samla talet som er eller har vore innlagt, er 461, skriv Aftonbladet.

(©NPK)


|

51 nye koronadødsfall i Sverige


Det siste døgnet er 51 virussmitta personar stadfesta døde i Sverige. Totalt er 333 personar stadfesta døde, opplyser Folkhälsomyndigheten.


Det er litt opp frå torsdag, då det var 43 nye dødsfall, men noko ned frå onsdag, då det var 59 nye dødsfall.

Statsepidemiolog Anders Wallensten ved Folkhälsomyndigheten seier på ein pressekonferanse fredag at det no er 6.078 stadfesta smitta i Sverige, ei stigning på 612 frå dagen før.

– Kurva held fram oppover, seier Wallensten.

363 personar er no innlagt på intensivavdelinga på sjukehus.

(©NPK)


|

Oslo gir over 13 millionar til omstilling for bedrifter


Talet på arbeidslause i Oslo har passert 53.000 personar. No kunngjer kommunen omstillingsmidlar for å hjelpe tilsette tilbake til arbeidslivet att.


Nye Nav-tal viser at 53.453 no er heilt arbeidslause i Oslo, ein auke på over 40.000 sidan 10. mars.

Den rekordhøge auken i talet på nyregistrerte arbeidslause i Oslo kjem først og fremst av permisjonar som ein konsekvens av tiltaka for å hindre spreiing av koronaviruset. Nær 9 av 10 nye arbeidssøkjarar i mars gir permisjon som årsak.

For å hjelpe permittert tilbake til arbeidslivet lyser Oslo kommune ut omstillingsmidlar, slik at permitterte tilsette i bedrifter kan bruke permisjonstida til å oppdatere eigen kompetanse.

Omstillingsmidlane vart hasteløyvde fredag, og utgjer førebels 13,4 millionar kroner for 2020. 

– Mange Oslo-bedrifter har no alvorlege omstillingsutfordringar, og omstillingsmidlane kan til dømes brukast til å lære tilsette nye produksjonsmåtar, nytt produksjonsutstyr eller trene dei i overgangen til nye produkt og tenester, seier byrådsleiar Raymond Johansen (Ap).

Oslo kommune gir omstillingsmidler for å hjelpe ansatte tilbake til arbeidslivet igjen. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Oslo kommune gir omstillingsmidlar for å hjelpe tilsette tilbake til arbeidslivet att. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
(©NPK)


|

Tomlar opp for kompetansepakke til permitterte og arbeidslause


Både Virke og LO gir tommel opp for den nye tiltakspakken til regjeringa for å byggje kompetanse hos arbeidstakarar som går ledige.


Regjeringa kunngjorde fredag at 190 millionar kroner skal brukast på ulike tiltak for å få permitterte og arbeidslause betre rusta for arbeidslivet når koronakrisa er over. 

– Vi opprettar no fleire skreddarsydde utdanningar og opplæringstilbod for kriseramma næringar og deira tilsette, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Pengane går til bransjeprogram (100 millionar), nettbasert opplæring (50), opplæring av ufaglærte (20) og til universitet og høgskular for å gi plass til fleire på eksisterande utdanningar (20).

– Etterlyst

I Virke er det glede over nyheita. 

– Dette er noko Virke har etterlyst lenge. Handelen er i stor endring og mistar arbeidsplassar kvar einaste dag. Koronakrisa har eskalert situasjonen og gjort det mykje meir dramatisk enn vi kunne førestille oss, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke.

– Det er sårt behov for påfyll av kompetanse, seier han, men påpeikar samtidig at dette må skje på premissane til bransjen for å vere relevant. 

Også LO er nøgde med pakken. 

– Dette ser svært bra ut og er heilt i tråd med innspel som har kome frå LO. Å satse på vidareutvikling og igangsetjing av nye bransjeprogram og på styrking av grunnleggjande evner og fagopplæring er noko av det viktigaste vi kan gjere i situasjonen vi står oppe i, seier LO-sekretær Trude Tinnlund.

Ap: Verket vårt

Ap påpeikar på si side at det var verket deira at det vart laga ein kompetansepakke. 

– Arbeidarpartiet er glad for at vi i Stortinget sikra midlar til ein kompetansepakke, og at regjeringa raskt får ei ordning på plass. Målet vårt er å setje desse pengane raskt i arbeid slik at arbeidslause kan bruke tida som ledig til å stille sterkare på arbeidsmarknaden, seier utdanningspolitisk talsperson Torstein Tvedt Solberg til NTB.

Over 412.000 personar er no registrerte som heilt eller delvis arbeidssøkjande, viser ferske tal frå Nav. 

Uroa over dagpengereglar

Også Akademikerne meiner det er mykje bra i pakken, men er samtidig uroa over at dagpengereglane skal hindre permitterte med høg utdanning i å nytte seg av tilbodet

– Regelverket må ikkje stå i vegen for at permitterte faktisk får moglegheit til å ta desse kursa. Stadig fleire høgt utdanna blir permitterte, og vi ventar at regjeringa sørgjer for at permitterte og oppsagde no kan ta utdanning som gir studiepoeng utan å miste dagpengane sine, seier leiar Kari Sollien.

Forsknings- og høyere utdanningsminister Henrik Asheim. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
(©NPK)


|

Vidaregåande skular i Viken held stengt òg etter påske


Alle vidaregåande skular i Viken fylke held fram med å vere stengt òg veka etter påske, opplyser Viken fylkeskommune.


– Vi vil at folk skal kunne gå inn i påskeferien med mest mogleg føreseielegheit for korleis dei skal planleggje dagane etterpå, seier fungerande fylkesrådsleiar Halvard Ingebrigtsen (Ap) på Viken fylkeskommunes nettsider.

Fylkeskommunen har sidan 12. mars gjennomført digital undervisning for vidaregåande skuleelevar, same dag som regjeringa stengde skulane og barnehagane i landet.

Korleis det blir vidare utover våren, er vanskeleg å seie sikkert no. Onsdag 8. april vil regjeringa gjere greie for kva som blir tiltaka frå styresmaktene etter påske. 

Klasserommene på videregående skoler i Viken fylke fortsetter å stå tomme også uken etter påske. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix / NPK
Klasseromma på vidaregåande skular i Viken fylke held fram å stå tomme også veka etter påske. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix / NPK
(©NPK)


|

Presseleiar: Media treng draghjelp


Kulturminister Abid Raja (V) samla fredag medieorganisasjonane for å høyre kva tiltak dei meiner vil hjelpe under koronakrisa.


– Eg er glad for at det sit langt inne å permitterte innanfor det journalistiske, sa Raja, som bad om tilbakemeldingar på korleis kriseordningane så langt treffer for media.

Han fekk høyre om ein bransje der medarbeidarane opplever det som usedvanleg meiningsfylt å bidra.

– Det har aldri vore høgare lesartal, sa generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund.

– Men inntektene berre renn ut i den andre enden, la ho til.

Ho påpeika òg at informasjonen som blir gitt frå det offentlege, er altfor knapp.

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja (til venstre) møtte presseorganisasjonene fredag ettermiddag. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK
Kultur- og likestillingsminister Abid Raja (til venstre) møtte presseorganisasjonane fredag ettermiddag. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK


Kultur- og likestillingsminister Abid Q Raja lyttet til innspill fra mediebransjen. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK
Kultur- og likestillingsminister Abid Q Raja lytta til innspel frå mediebransjen. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK
(©NPK)


|

Nærare 3.300 døde i Iran


Talet på koronarelaterte dødsfall i Iran har stige med 134 til 3.294 det siste døgnet, ifølgje helsestyresmaktene i landet.


53.183 har fått påvist koronasmitte i Iran, ein auke på drygt 2.700 det siste døgnet.

Over 17.935 av dei som var smitta, er sidan erklærte virusfrie og friskmelde.

Tilstanden til 4.035 som framleis har viruset i kroppen, blir omtalt som alvorleg eller kritisk.

Styresmaktene i Iran har forbode alle innanlandsreiser til 8. april og oppmodar folk til å halde seg heime. Skular og universitet blir haldne stengt, og fredagsbønna er avlyst.   

Det er likevel ikkje innført portforbod i iranske byar.

Det iranske forsvaret har opprettet feltsykehus for koronasyke i en messehall i Teheran. Foto: AP / NTB scanpix
Det iranske forsvaret har oppretta feltsjukehus for koronasjuke i ein messehall i Teheran. Foto: AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

Ytterlegare tre koronadødsfall


Ytterlegare tre personar er døde etter å ha vorte smitta av koronaviruset. Talet på døde er no oppe i 54.


Torsdag morgon døydde ei eldre kvinne på Giske omsorgssenter i Møre og Romsdal. 

Sjukehuset Østfold Kalnes melder om to dødsfall, eitt torsdag og eitt fredag morgon. Begge dei døde var eldre pasientar som hadde testa positivt på koronaviruset. 

(©NPK)


|

Cruiseskip med koronasjuke til kai i Florida


Dei to cruiseskipa Zaandam og Rotterdam, der fire eldre passasjerar er døde og fleire andre er smitta av koronavirus, har no fått legge til kai i Florida.


Fleire land i Sør-Amerika nekta dei to skipa å gå til kai, og det same gjorde styresmaktene i Florida, før press frå president Donald Trump tidlegare i veka fekk guvernør Ron DeSantis til å ombestemme seg. 

Etter tre veker på sjøen fekk dei fleste av dei rundt 1.250 passasjerane og mannskapet på nærare 1.200 torsdag kveld lokal tid gå i land i Fort Lauderdale.

Eit ukjent tal har fått påvist koronavirus og fire eldre passasjerar er døde. Dei aller sjukaste vil no bli overførte til to lokale sjukehus, medan nokre av dei andre inntil vidare blir sitjande i karantene på skipet.

Etter tre uker på åpent hav fikk cruiseskipet Rotterdam torsdag gå til kai i Fort Lauderdale i Florida. Foto: AP / NTB scanpix
Etter tre veker på ope hav fekk cruiseskipet Rotterdam torsdag gå til kai i Fort Lauderdale i Florida. Foto: AP / NTB scanpix


Rundt 250 passasjerer og ansatte om bord i de to cruiseskipene Rotterdam og Zaandam får nå gå i land i Florida. Foto: AP / NTB scanpix
Rundt 250 passasjerar og tilsette om bord i dei to cruiseskipa Rotterdam og Zaandam får no gå i land i Florida. Foto: AP / NTB scanpix


Havnearbeidere i smittevernutstyr losset torsdag kveld bagasjen fra cruiseskipet Zaandam i Fort Lauderdale i Florida. Foto: AP / NTB scanpix
Hamnearbeidarar i smittevernutstyr lossa torsdag kveld bagasjen frå cruiseskipet Zaandam i Fort Lauderdale i Florida. Foto: AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

16 nye koronadødsfall i Danmark


139 virussmitta personar er døde i Danmark, 16 fleire enn torsdag. Det er òg registrert 286 nye smittetilfelle i Danmark det siste døgnet.


Totalt er 3.672 registrerte smitta med koronaviruset i Danmark, viser nye tal frå Statens Serum Institut.

Talet på innleggingar på sjukehus fell frå 525 til 517.

Det blir anteke at det er store mørketal på smittetilfelle. Alle med symptom på covid-19 blir ikkje testa i Danmark.

Helsestyresmaktene endra onsdag retningslinjene for kven som kan bli testa. Det opnar for at det framover vil bli gjennomført fleire testar av folk med milde symptom.

(©NPK)


|

UDI tek opp att asylintervju på videosamtale


Utlendingsdirektoratet (UDI) har starta opp att å intervjue asylsøkjarar via Skype etter at ein tidlegare denne veka avlyste alle asylintervju.


Etter ein kort pause i asylintervjua på grunn av koronaviruset, starta UDI onsdag å intervjue asylsøkjarar att. Dette skjer via videosamtale, slik at ein følgjer styresmaktenes smittevernreglar, opplyser direktoratet på nettsidene sine.

Dei tilsette sit under intervjuet i Oslo, asylsøkjaren i mottaket der vedkomande bur, medan tolken er kopla på samtalen frå ein annan stad.

Ved utgangen av mars budde det 2.500 asylsøkjarar på norske mottak.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har startet opp med å intervjue asylsøkere igjen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Utlendingsdirektoratet (UDI) har starta opp med å intervjue asylsøkjarar att. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
(©NPK)


|

315 koronasmitta innlagde på norske sjukehus – nedgangen held fram


Det er 315 personar innlagde med koronasjukdom på norske sjukehus, ein nedgang på tre personar frå torsdag. 96 av dei innlagde ligg i respirator.


237 av koronainnleggingane er i Helse sør-aust, 42 i Helse vest, 20 i Helse Midt-Noreg og 16 i Helse nord, viser dagstala frå Helsedirektoratet.

Talet på pasientar som blir behandla i respirator er uforandra frå torsdag – 96.

Blant dei i respirator er 70 i Helse sør-aust, 13 i Helse vest, 7 i Helse Midt-Noreg og 6 i Helse nord.

Det var ved midnatt registrert 5.209 personar med koronasmitte i Noreg, ein oppgang på 274 på eitt døgn, ifølgje tal frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS).

54 personar er døde som følgje av koronasjukdom, ifølgje VGs oversikt.


|

Togselskapa kan få 550 millionar ekstra for å sikre rutetilbod


Togselskapa bør få 550 millionar kroner ekstra for å sikre rutetilbodet, foreslår regjeringa.


Det er viktig å halde oppe eit grunnleggjande tilbod, sjølv om mange færre no reiser med tog, slår samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) fast.

Regjeringa foreslår at Jernbanedirektoratet kan inngå mellombelse tilleggsavtalar om statleg kjøp av persontogtenester utover den eksisterande ramma på årets statsbudsjett. 

Stortinget løyvde drygt 4 milliardar kroner i desember til statleg kjøp av persontogtenester på statsbudsjettet for 2020. Dei 550 millionane kjem altså i tillegg til dette. 

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) vil bevilge 550 millioner kroner ekstra til togselskapene. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK
Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) vil løyve 550 millionar kroner ekstra til togselskapa. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK
(©NPK)


|

Vegvesenet kontrollerer færre tunge køyretøy, men gir fleire gebyr


Statens vegvesen kontrollerte færre tungbilar i mars på grunn av fleire koronatiltak, men gav likevel fleire gebyr for dårlege dekk og overlast.


I mars var 34.000 tunge køyretøy innom ein av kontrollplassane til Vegvesenet. Talet på tungbilkontrollar har gått noko ned samanlikna med same månad i fjor. Då var det 675 fleire enn i år, melder Vegvesenet.

– Vi har innført ei rekkje tiltak for å hindre smittespreiing, noko som har ført til at kontrollane tek lengre tid enn normalt, seier avdelingsdirektør for utekontroll i Statens vegvesen, Kjetil Wigdel.

Av dei over 34.000 bilane som var innom kontrollplassane, vart nesten 28.000 vorte vinka vidare utan nærare inspeksjon. Vegvesenet melder derimot om fleire gebyr, først og fremst på grunn av manglande kjettingar eller dårlege dekk og overlast. 

Talet på dekk-gebyr auka frå 299 til 387 frå mars i fjor til mars i år, medan talet på overlastgebyr i same periode auka frå 340 til 409.

– Det seier nok meir om evna vår til å plukke ut dei rette køyretøya for kontroll enn om den generelle tilstanden på køyretøyparken, seier Wigdel.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix.
(©NPK)


|

Politiet i Vest har hatt over 300 koronaoppdrag


Vest politidistrikt, som mellom anna dekkjer Bergen, har registrert 342 oppdrag knytte til koronareglane i ein periode frå 12. mars og ut månaden.


Politidistriktet har vanlegvis mellom 150 og 250 oppdrag kvart døgn, skriv Bergens Tidende.   

38 av oppdraga har handla om folk på hytter, 62 om karantenebrot og 60 om folk som ifølgje tipsarane har hatt fest eller vore for nær kvarandre. 

Ikkje alle oppdraga har utløyst tiltak frå politiet, og berre eitt av dei har ført til førelegg. Det skjedde då ein koronasmitta person som skulle vore i isolasjon, i staden valde å gå på fest. Førelegget lydde på 20.000 kroner. 

Mange har tipset politiet om folk som har samlet seg på populære steder, som her på Ulriken i Bergen. Bar en av 342 oppdrag i Vest politidistrikt har ført til forelegg. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK
Mange har tipsa politiet om folk som har samla seg på populære stader, som her på Ulriken i Bergen. Berre eitt av 342 oppdrag i Vest politidistrikt har ført til førelegg. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK
(©NPK)


|

Taiwan vil bøtelegge maskelause kollektivpassasjerar


Reisande som ikkje bruker ansiktsmaske, risikerer bøter på mellom 1.000 og 5.000 tusen kroner i Taiwan.


– Å bruke maske er avgjerande fordi det er vanskeleg å halde avstand frå kvarandre på offentleg transport, seier helseminister Chen Shih-chung. Folk blir tilrådd å halde ein avstand halvannan meter innandørs og ein meter utandørs.

Frå førstkommande torsdag kan kvar taiwanar kjøpe ni eingongsmasker annakvar veke. Taiwan skal lever 10 millionar masker til USA og har sendt 5,6 millionar til EU.

Så langt er det stadfesta 348 koronasmitta og fem dødsfall i Taiwan.

Busspassasjerer med tildekket ansikt i Taiwan. De som ikke har maske på buss og tog, kan få flere tusen kroner i bot. Arkivfoto: Chiang Ying-ying / AP / NTB scanpix
Busspassasjerar med tildekt ansikt i Taiwan. Dei som ikkje har maske på buss og tog, kan få fleire tusen kroner i bot. Arkivfoto: Chiang Ying-ying / AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

Avinor har tapt ein milliard, men permitterer ingen


Avinor har tapt ein milliard medan koronakrisa har ramma luftfarten. Så langt er likevel ingen permitterte.


Medan flyselskapa permitterer i hopetal og taxfree-selskapet Travel Retail Norway har permittert 1.000 av 1.200, ventar Avinor med å kutte i bemanninga, skriv nettavisa Flysmart24.no.

Selskapet, som driv 44 flyplassar, har hatt eit fall i omsetninga på 68 prosent så langt i år samanlikna med same periode i fjor. Bortfallet av inntekter svarar til rundt 1 milliard. 

Avinor vurderer no fleire kostnadskutt, så sant dei ikkje rammar den nasjonale beredskapen selskapet er pålagt å sikre.

Over halvparten av Oslo lufthavns arealer er stengt, og virksomheten er kraftig redusert på alle landets flyplasser. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK
Over halvparten av arealet ved Oslo lufthamn er stengt, og verksemda er kraftig redusert på alle flyplassane her til lands. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK
(©NPK)


|

190 millionar i kompetansepakke til permitterte og arbeidslause


Regjeringa gir 190 millionar kroner til ulike tiltak for å få permitterte og arbeidslause betre rusta for arbeidslivet når koronakrisa er over.


Ferske tal viser at det no er 412.000 arbeidssøkjarar registrerte hos Nav. For å ruste folk betre for arbeidslivet etter at koronakrisa er over, lanserte regjeringa fredag ein kompetansepakke på 190 millionar.

– Derfor opprettar vi no fleire skreddarsydde utdanningar og opplæringstilbod for kriseramma næringar og deira tilsette, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Pengane går til bransjeprogram (100 millionar), nettbasert opplæring (50), opplæring av ufaglærte (20) og til universitet og høgskular for å gi plass til fleire på eksisterande utdanningar (20).

Forsknings- og høyere utdanningsminister Henrik Asheim. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
(©NPK)


|

932 nye koronadødsfall i Spania siste døgn


932 virussmitta personar har døydd i Spania det siste døgnet, opplyser helsestyresmaktene i landet.


Det er andre dag på rad med over 900 virusdødsfall i Spania. Torsdag passerte talet på koronadødsfall 10.000.

Fredag er det totalt 10.935 koronasmitta som har mista livet i Spania. Berre Italia har fleire dødsfall.

Totalt er 117.710 personar stadfesta smitta med koronaviruset i Spania.

(©NPK)


|

Instruktørar på smittevernskurs var koronasmitta, 70 sjukehustilsette i karantene


70 tilsette ved Oslo universitetssjukehus (OUS) vart sette i karantene etter at instruktørar på eit smittevernkurs var koronasmitta.


VG skriv at kurset vart halde for tilsette ved OUS i midten av mars. 

Dei to instruktørane var symptomfrie før kurset. Dei vart sette i karantene og testa då dei såg symptom som kunne setjast i samanheng med viruset. Då det vart kjent at to av instruktørane hadde testa positivt, vart det vedteke å kansellere framtidige kurs med ein gong.

– Begge dei to tilsette hadde svært milde symptom, og det var ingen grunn til å mistenkje koronasjukdom. Ein av dei tilsette har ein annan sjukdomstilstand med lette symptom, noko som gjorde det ekstra vanskeleg å avdekkje symptom på covid-19, seier seksjonsleiar ved medisinsk intensiv, Katharina Lende, til avisa.

950 personar gjennomførte kurset før det vart kansellert. Ifølgje VG er no 148 tilsette ved OUS stadfesta smitta, medan 897 tilsette er i karantene.

70 ansatte ved OUS ble satt i karantene etter at instruktører på et smittevernkurs var koronasmittet. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
70 tilsette ved OUS vart sette i karantene etter at instruktørar på eit smittevernkurs var koronasmitta. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix / NPK
(©NPK)


|

Guvernør: Situasjonen har vorte meir alvorleg i Tokyo


Talet på stadfesta smittetilfelle held fram med å stige raskt i den japanske hovudstaden, seier guvernøren og ber folk halde seg heime.


– Eg har sagt mange gonger at situasjonen i Tokyo er alvorleg og at talet på smitta kan eksplodere. Situasjonen har vorte meir alvorleg, seier Yuriko Koike fredag.

Torsdag vart det stadfesta 277 nye smitta i Japan. 97 av dei var i Tokyo, noko som er ny rekord for hovudstaden. Så langt er 3.508 stadfesta smitte og 84 personar er døde i pandemien.

Statsminister Shinzo Abe har sagt at landet er «på randa av» unntakstilstand og må førebu seg på ein lang kamp mot viruset.

Smittetallet fortsetter å stige i Tokyo, og guvernøren ber folk holde seg hjemme. Illustrasjonsfoto: Gregorio Borgia / AP / NTB scanpix
Smittetalet fortset å stige i Tokyo, og guvernøren ber folk halde seg heime. Illustrasjonsfoto: Gregorio Borgia / AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

Nytt koronadødsfall på Bærum sjukehus


Ein koronasmitta person frå Asker døydde på Bærum sjukehus torsdag kveld, stadfestar kommuneoverlegen i Asker.


– Vi kan stadfeste det femte dødsfallet i Asker på grunn av Covid-19. Dei pårørande er varsla, seier kommuneoverlege Meera Grepp i Asker til NRK.

Dei vil ikkje gi fleire opplysningar av omsyn til personvernet. 

51 personar smitta med koronaviruset har no døydd i Noreg.

(©NPK)


|

6,6 millionar til koronainfo for innvandrarar


6,6 millionar kroner blir tildelte frivillige organisasjonar som driv informasjonsarbeid om koronaviruset til innvandrarbefolkninga.


Pengane blir fordelte til Røde Kors, Caritas, Norges Frivillighetssentraler, Norske Kvinners Sanitetsforening, Kristent Interkulturelt Arbeid og Norsk Folkehjelp, opplyser Kunnskapsdepartementet.

– Vi har fått fleire tilbakemeldingar på at informasjonen ikkje når ut til alle på ein god nok måte. For å lykkast med handteringa av situasjonen er det viktig at vi gjer det vi kan for å nå ut til innvandrarbefolkninga, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) tildeles frivillige organisasjoner penger for å informere innvandrere om koronaviruset. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK
Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) tildeler frivillige organisasjonar pengar for å informere innvandrarar om koronaviruset. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK
(©NPK)


|

286 nye smittetilfelle i Danmark det siste døgnet


Totalt er 3.672 registrerte smitta med koronaviruset i Danmark. 123 virussmitta personar er så langt døde.


Det viser nye tal frå Statens Serum Institut.

Det blir anteke at det er store mørketal. Alle med symptom på covid-19 blir ikkje testa i Danmark. 

(©NPK)


|

Korona gir Corona-stans i Mexico


Den mexicanske ølprodusenten Grupo Modelo sluttar å bryggje Corona på grunn av koronapandemien.


Grupo Modelo viser til oppfordringa til styresmaktene om å stanse all verksemd som ikkje er heilt nødvendig i håp om å bremse spreiinga av koronaviruset. 

– Vi trappar no ned produksjonen ved fabrikkane våre til eit minimum, opplyser konsernet, som forutan Corona òg produserer ølmerka Pacifico og Modelo.

Mexicos andre store ølprodusent, Heineken, som bryggjer merka Tecate og Dos Equis, stansar òg produksjonen, ifølgje avisa Reforma. Dette er ikkje stadfesta av selskapet sjølv.

 Corona-ølet har vore gjenstand for tallause vitsar etter at koronaviruset dukka opp.

Produksjonen av Corona-øl stanses i Mexico, som følge av koronapandemien. Foto: PA / AP / NTB scanpix
Produksjonen av Corona-øl blir stoppa i Mexico, som følgje av koronapandemien. Foto: PA / AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

Meir enn 400.000 registrerte som arbeidslause hos Nav


Koronakrisa har sendt nye tusen inn i Nav-køen. I alt er 411.000 personar no registrerte som heilt eller delvis arbeidslause.


– Vi har sett ei drastisk forverring av arbeidsmarknaden den siste månaden. Svært mange har vorte permitterte, og det er no over 400.000 personar som er registrerte som arbeidssøkjarar hos Nav, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng. 

Ved utgangen av mars var 301.000 personar registrerte som heilt ledige. Det utgjer 10,7 prosent av arbeidsstyrken. 


|

S&P: USAs kredittverdigheit uendra


Kredittvurderingsbyrået S&P beheld toppkarakteren for USA og seier utsiktene er stabile, trass i rekordhøg arbeidsløyse og astronomiske krisepakkar.


Standard & Poor's gir USA vurderinga AA+, den nest høgaste som er mogleg å oppnå, og dei har førebels ingen planar om å endre dette. Samtidig påpeikar S&P at USA har høg statsgjeld og budsjettunderskot, som begge er venta å bli verre i samband med koronakrisa.

Førre veke stadfesta Fitch si vurdering av USA og lèt landet behalde karakteren AAA, som er den aller beste. Også Noreg ligg på AAA hos Fitch, seinast oppdatert i slutten av februar, før pandemien slo til for alvor.

Tross store svingninger på finansmarkedene, rekordhøy arbeidsledighet og redningspakker for flerfoldige tusen milliarder, beholder USA sin gode kredittvurdering. Illustrasjonsfoto: Mark Lennihan / AP / NTB scanpix
Trass i store svingingar på finansmarknadene, rekordhøg arbeidsløyse og redningspakkar på fleirfaldige tusen milliardar, beheld USA si gode kredittvurdering. Illustrasjonsfoto: Mark Lennihan / AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

Trond Mohn og Kreftforeningen gir millionar til koronaforskinga


Trond Mohn gir 30 millionar, og Kreftforeningen gir 10 millionar kroner til forsking som skal bidra til større kunnskap om korona.


Prosjekta blir administrerte av Norsk forskingsråd, som har fått ei rekkje søknader om prosjekt som vil sjå på spreiinga og verknadene av koronaviruset.

Trond Mohn stiftelse er allereie engasjert i ei nasjonal satsing mot antibiotikaresistens, medan Kreftforeningen særleg er opptekne av sårbare pasientgrupper. 

– Vi har stor tru på at denne forskinga vil gi oss viktige svar og kome dei mest utsette blant oss, til gode, seier Ingrid Stenstadvold Ross, som er generalsekretær i Kreftforeningen.

Trond Mohn gir gjennom sin stiftelse 30 millioner til koronaforskningen. Kreftforeningen har gitt 10 millioner. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Trond Mohn gir gjennom stiftinga si 30 millionar til koronaforskinga. Kreftforeningen har gitt 10 millionar. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
(©NPK)


|

Forskarar ser på samanheng mellom tuberkulosevaksine og lågare koronadøyelegheit


Ein ny studie viser ein samanheng mellom land som har obligatorisk tuberkulosevaksinasjon, og land med lågare døyelegheit av covid-19.


Studien er ikkje fagfellevurdert, og resultata bør ikkje tilleggast stor vekt. Men i seks land føregår det no testar på helsearbeidarar og eldre for å sjå om BCG-vaksinen kan gi ei grad av vern mot koronaviruset, skriv nyheitsbyrået Bloomberg.

Tidlegare studiar har vist at BCG-vaksinen har gitt vern mot ikkje berre tuberkulosebakterien, men også andre infeksjonar.

I Noreg var BCG-vaksine påboden fram til 1995, og var i vaksinasjonsprogrammet for ungdommar fram til 2009. På grunn av svært låg førekomst er ikkje vaksinen lenger eit allment tilbod.

Illustrasjonsfoto: Ted S. Warren / AP / NTB scanpix
Illustrasjonsfoto: Ted S. Warren / AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

Skatteetaten skal styre kontantstønaden til bedriftene


Skatteetaten har fått oppdraget med å forvalte kompensasjonsordninga for næringslivet. Viktig å hindre misbruk, seier skattedirektøren.


– Vi må lage ordninga slik at ho er rask og enkel å bruke, men ikkje enkel å misbruke, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Finansdepartementet har gitt Skatteetaten eit overordna ansvar for stønadsordninga for bedrifter som får eit vesentleg inntektsfall som følgje av koronakrisa. Ordninga skal på plass raskt, lovar Holte.

– Samtidig er det viktig at rask saksbehandling ikkje går på kostnad av etterleving av regelverket. Kontrollrutinar vil ha høg prioritet, seier han. 

Viss alt går etter planen, vil bedriftene kunne levere søknad om kompensasjon for tapt omsetnad i mars frå 17. april, føresett at Stortinget vedtek forslaget frå regjeringa, og at ESA godkjenner ordninga, opplyser Finansdepartementet.

Bedriftene kan anten bruke fjorårets rekneskapstal eller omsetnaden i januar og februar som grunnlag for utrekning av omsetnadsfallet i mars, april og mai. 

– Vi ønskjer at denne ordninga skal treffe breitt og hjelpe sunne, levedyktige bedrifter gjennom denne tøffe tida. Det gjeld sjølvsagt òg gründerar og vekstbedrifter som skal ta Noreg gjennom ei nødvendig omstilling, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).

Skattedirektør Hans Christian Holte og Skatteetaten skal administrere ordningen med kontantstøtte til bedrifter. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Skattedirektør Hans Christian Holte og Skatteetaten skal administrere ordninga med kontantstønad til bedrifter. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
(©NPK)


|

10.000 koronasmitta i Sør-Korea


10.062 har fått påvist koronasmitte i Sør-Korea, og for 174 har dette fått dødeleg utfall. Landet har likevel lykkast godt med å hindre smittespreiing.


Sør-Korea, som har 52 millionar innbyggarar, har lykkast godt med å avgrense koronasmitte, og ifølgje styresmaktene i landet vart smittetoppen nådd alt i slutten av februar.

Medan det på det meste vart påvist 900 nye smittetilfelle i døgnet, har den daglege auken dei siste vekene vore på rundt 100. 

Fredag melde styresmaktene om 86 nye smittetilfelle og fem nye dødsfall. Tilstanden for 55 pasientar på intensivavdeling blir omtalt som alvorleg eller kritisk. 

President Moon Jae-in og Sør-Korea har lyktes godt med sin strategi for å bekjempe koronaviruset. Foto: AP / NTB scanpix
President Moon Jae-in og Sør-Korea har lykkast godt med sin strategi for å stoppe koronaviruset. Foto: AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

Fleire hemmelege kriselager med mat i Noreg


Fleire hemmelege lager med nødproviant ligg klare til å bli brukt i tilfelle landet skulle bli ramma av ei forsyningskrise.


Lagera er eit resultat av pandemiplanar som vart lagde etter utbrotet av svineinfluensa i 2009, og dei var på plass før koronaviruset ramma verda.

NRK har bede om innsyn i kvar lagera er plasserte og kva dei inneheld, men har av tryggingsomsyn fått avslag frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Også dei ulike matvarekjedene har hemmelege beredskapsplanar som vil bli tekne i bruk dersom det skulle bli problem med matleveransane. 

Både staten og matvarekjedene har sørget for nødlagre av mat i tilfelle landet skal rammes av en forsyningskrise. Innhold og plassering er hemmelig. 
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Både staten og matvarekjedene har sørgt for nødlager av mat i tilfelle landet blir ramme av ei forsyningskrise. Innhald og plassering er hemmeleg. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
(©NPK)


|

Skatteetaten skal styre kontantstøtta til bedriftene


Skatteetaten har fått oppdraget med å forvalte kompensasjonsordninga for næringslivet. Viktig å hindre misbruk, seier skattedirektøren.


– Vi må lage ordninga slik at den er rask og enkel å bruke, men ikkje enkel å misbruke, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Finansdepartementet har gitt Skatteetaten eit overordna ansvar for støtteordninga for bedrifter som får eit vesentleg inntektsfall som følgje av koronakrisa. Ordninga skal på plass raskt, lovar Holte.

– Samtidig er det viktig at rask saksbehandling ikkje går på kostnad av etterleving av regelverket. Kontrollrutinar vil ha høg prioritet, seier han. 

Skattedirektør Hans Christian Holte og Skatteetaten skal administrere ordningen med kontantstøtte til bedrifter. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Skattedirektør Hans Christian Holte og Skatteetaten skal administrere ordninga med kontantstøtte til bedrifter. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
(©NPK)


|

Britane bygger feltsjukehus for å dekke koronabehovet


Britiske sjukehus blir fylte av koronasjuke og styresmaktene bygger no fleire feltsjukehus for å få plass til alle.


Rundt 34.000 britar har hittil fått påvist koronasmitte og talet på døde stig raskt og nærmar seg 3.000.

No bygger National Health Service (NHS) feltsjukehus i Bristol og Harrogate med sengeplass til opptil 1.500 pasientar.

Fredag opnar òg eit feltsjukehus med 4.000 sengeplassar i London, og i Birmingham og Manchester skal det byggast to feltsjukehus med til saman 3.000 sengeplassar.

Statsminister Boris Johnson, som sjølv er koronasmitta, har fått kritikk for å vere seint ute med å setje i verk tiltak. No lovar han å trappe opp testinga kraftig.

Den store messehallen ExCel Center i London er omgjort til feltsykehus med 4.000 sengeplasser. Foto: AP / NTB scanpix
Den store messehallen ExCel Center i London er omgjort til feltsjukehus med 4.000 sengeplassar. Foto: AP / NTB scanpix
(©NPK)


|

Wuhans innbyggjarar blir åtvara om ny smittebølgje


Innbyggarane i den kinesiske byen Wuhan, der koronaepidemien starta, blir bedne om å halde seg inne og førebu seg på ein ny smittebølgje.


Risikoen for at koronaviruset skal få nytt liv i kinesiske Wuhan er stor, ifølgje Wang Zhongli, leiaren for det kommunistiske partiet.

Han oppmodar derfor dei om lag 11 millionar innbyggarane som bur i Wuhan, om å skjerpe smitterutinane og unngå å forlate heimen sin om det er mogleg.

Ifølgje New York Times hadde Wuhan heile 50.007 stadfesta tilfelle onsdag. 

Totalt er det registrert 81.589 smitta i Kina og 3.318 dødsfall, viser tal frå Worldometers.

Etter nesten tre måneders lukking kunne innbyggere i den kinesiske byen Wuhan igjen gå ut og få motta besøk etter utbruddet av koronavirus. Nå frykter imidlertid myndighetene en ny bølge av viruset og ber igjen folk om å holde seg hjemme. Foto: Shen Bohan/Xinhua/ AP/ NTB scanpix
Etter nesten tre månader kunne innbyggjarar i den kinesiske byen Wuhan igjen gå ut og få besøk. Men no fryktar styresmaktene ei ny bølgje av viruset og ber igjen folk om å halde seg heime. Foto: Shen Bohan/Xinhua/ AP/ NTB scanpix
(©NPK)


|

USA vil tilrå maskebruk


Trump-administrasjonen ferdigstiller ei ny rettleiing der dei vil oppmode dei fleste, om ikkje alle, til å bruke maske for å hindre koronaspreiing.


Tilrådinga vil spesielt gjelde dei som bur i område som er hardt ramma av overføring av viruset. 

Ifølgje ei anonym kjelde nyheitsbyrået AP siterer, vil Det kvite hus tilrå at ikkje-medisinske masker, T-skjorter eller tørklêr blir brukte til å dekke nase og munn når ein forlèt heimen.

Medisinske masker vil vere reservert for dei som har direkte kontakt med dei sjuke.

Trump-administrasjonen jobber ifølge nyhetsbyrået AP med en ny veiledning hvor de oppfordrer til maskebruk ute i offentligheten. Foto: Kathy Willens)
Trump-administrasjonen jobbar ifølgje nyheitsbyrået AP med ei ny rettleiing der dei oppfordrar til maskebruk ute i det offentlege. Foto: Kathy Willens)
(©NPK)


|

Dansk hastelov opnar for å sende heim koronakriminelle utlendingar


Danmark vedtok torsdag ei ny hastelov som gir dei rett til å sende utlendingar ut av landet om dei står bak kriminelle handlingar knytt til koronaviruset.


Døme på det danskane kallar koronakriminalitet er mellom anna tjuveri av medisinske produkt eller til dømes sal av falsk handsprit.

Utvisinga gjeld uansett kor lenge utlendingane har vore i landet.

Lova er den første hastelova som i Danmark som ikkje vart vedteke einstemmig, då den radikale Enhedlisten ikkje stemte for.

Hastelova går ut automatisk 1. mars neste år.

Danmark vedtok torsdag en ny hastelov som gjør at de kan sende utlendinger ut av landet om de begår kriminelle handlinger knyttet til koronaepidemien. 
Foto: Erik Johansen / NTB scanpix
Danmark vedtok torsdag ei ny hastelov som gjer at dei kan sende utlendingar ut av landet om dei står bak kriminelle handlingar knytte til koronaepidemien. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix
(©NPK)


|

Rår pårørande frå å hente heim demente


Nasjonalforeningen for folkehelsen forstår at det er vondt for familiar som ikkje får lov til å besøkje sine næraste, men tilrår ikkje å ta demente heim.


For å stanse smittespreiing er det innført inngangskontroll for besøk på sjukeheim. Det betyr i praksis eit besøksstopp, og kontakt via skjerm, skriv Vårt Land. Det er i dag rundt 40.000 sjukeheimsplassar i Noreg, der rundt 80 prosent av bebuarane, minst 32.000, er personar med demens. 

Nasjonalforeningen for folkehelsen, som mellom anna arbeider for å kjempe mot demens, åtvarar mot å bryte opp i faste rutinar i kvardagen og hente dei heim til pårørande.

– Dette er sjuke menneske som har behov for dagleg oppfølging av kompetente menneske. Å ha dei heime vil ikkje vere godt for verken dei sjuke eller dei pårørande, seier generalsekretær Mina Gerhardsen.

Ho påpeikar at endring skaper stress for demente menneske. 

– Har ein først slått seg til ro, kan det å flytte plutseleg skape uro og til og med vere med på å forverre tilstanden, seier Gerhardsen.

Nasjonal­foreningen for folkehelsen, som blant annet arbeider for å bekjempe demens, advarer mot å bryte opp i faste rutiner i hverdagen og hente dem til pårørendes hjem. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Nasjonal­foreningen for folkehelsen, som blant anna arbeider mot demens, åtvarar mot å bryte opp i faste rutinar i kvardagen og hente dei heim til pårørande. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
(©NPK)


|

Dyster rekord med 1.169 døde på eitt døgn i USA


USA har nådd endå ein dyster milepæl med heile 1.169 koronadødsfall på 24 timar. Det er òg ny verdsrekord.


Det viser nye tal frå Johns Hopkins University torsdag.

Det blir sett kvar dag nye rekordar i USA, med 865 døde frå måndag til tysdag og 884 døde frå tysdag til onsdag.

Talet på torsdag er det høgaste dødstalet som er registrert i noko land på 24 timar sidan den globale epidemien starta.

Den førre dystre rekorden var det Italia som hadde med 969 døde 27. mars.

(©NPK)


|